Sista Bossen

I fjor hadde Fresvik og Fres Festival besøk av Bob Hund. I år får vi besøk av Bob Hunds rabiate søskenbarn og kunstneriske arvemateriale: Sista Bossen! Direkte frå Sverige er dei eit band som garantert kjem til å by på både utfordrande fingertrykking og frekk feststemning på bøen til Jon Skau.

Sjølv kallar dei det “knastrock som søker den SNABBASTE VÄGEN FRÅN TRUMHINNAN TILL HJÄRTAT” (les med svensk tonefall). Me er glad i ein real ostaknast, og kan såleis stå bak knastrock som konsept. Sista Bossen sitt siste album “Tio låtar om priviligerat lidande” vart i fjor kåra av svenske Gaffa til det bästa-snabbaste albumet i 2018. Me lovar derimot fullengd kåncér med energi i skandinavisk toppklasse. Du må innfinne deg i topp humør i fresviknavisk toppklasse når Sista Bossen entrar scenen.

SPØTTINJE

VIDEO