Foto: Åsmund Kongvik Aall

Fres 2025 har gått inn i historia

TUSEN TAKK til dykk som gjorde det mogleg!

Artistane var fantastiske, publkum likeså. Namasté.

Vi takkar våre gåvegjevarar og sponsorar: Kulturrådet, Sogn Sparebank, Linn Bad, Highsoft, Sognekraft, Blix, Accountor Vik og Fresvik Produkt! Ein spesiell takk til Bygdelaget, Ungdomslaget, Båtlaget, Helselaget og idrettslaget for fantastisk og overraskande gåve med dertil vakker kake

Takk til NTP for verdas beste trykk, Fresvik Taxi for gratis transport og Blix, Fresvik Eldrebustadar, Fresvik Enspire Skule, Jostein/Jardar, Myrkdalen hotel, Marianne og Leidulf for overnatting. Fresvik Produkt gav oss golvplater og Fargerike inni Sogndal har sponsa oss med målling.

Tusen takk til alle frivillige som har rigga, rydda, billettert, frakta, passa på og bringa trivsel før, under og etter festivalen.

I kulissane sytte Håkon frå Bergen Ento, Lisa, Lektor Hillestad, Åsmund Kongsvik Aall og Simen sTred Omland for ypparleg sights & sounds. Stig serverte som vanleg dei lekraste rettar. Rikke løfta artistvelferd til ein ny divisjon, og Skjold Vekterservice stilte med prima vaktteneste for niande året på rad. Takk til bargjengen, Geir, Petter, Roger, Tequila-Geir, Tina og Vilde, for å på ansvarleg vis halde vårt publikum utørste. Takk til Sigrid og sider-gjengen for det same, og takk til Braut for drinkane backstage.

Pål, Bjørn, Syver, Maren, Kaia, Mari og Trude har i vekesvis bidratt på så mange måtar at ord rett og slett blir fattige i denne takkelista. Helene kom når det trengdes som mest og løfta vårt pågangsmot i dagane inn mot festivalen. Ungane bidrog med alt frå toastsal og artisttransport til gambling i andedammen, og besteforeldrene passa på dei små.

Og sist, men ikkje minst: Jon og Elisabeth stilte hus, driftsbygningar, innmark og inventar til disposisjon og jobba utan stans for at vi saman skulle dra dette i land.

❤️

LT, PC, Håvard, Gunnar