Takk for i år 😘
Nok ein Fres er i hamn, og nok ein gang er alle vi som jobbar med Fres Festival mildt overvelda over magien som finn stad på bøen på Skau! Men slike magiske hendingar skjer ikkje av seg sjølv! Difor er vi i Fres Festival takksame for at følgande fine folk, lag og bedrifter har hjelpt oss:
- Accountor Sogn, Linn Bad, Sognekraft, Blix Hotell, Fresvik Produkt, Kulturrådet, Sparebankstiftinga og Sogn Sparebank for uvurderleg økonomisk støtte
- Alle frivillige som trødde til før, under og etter festivalen med å få opplegget i hamn med rydding, billettering, opp- og nedrigg og generelle trivselstiltak.
- Vårt høgprofesjonelle sights & sound-lag med Håkon frå Bergen Ento, Eivind frå CT, Lektor Hillestad, Åsmund og sTred
- Stig og Rikke som på kvar sin måte sytte for framifrå artistvelferd
- Mariann og Ole Kristian for stødig handtering av både grill, takke og kakeform, samt hjelp til nedrigg
- Skjold Vekterservice og Raudekrossen for å passe godt på publikumet vårt
- Bargjengen (Geir, Petter, Roger, Tequila-Geir, Tina og Ragnhild), Ølmheim Siderhage, Odelsgut, Kroken Fjordgard og Balholm for leiken, men trygg skjenking
- Helselaget for iherdig hekling av bøttehattar
- Bjørg og hennar frivillige for baguettsmøring
- IL Modig for lån av grillar og stolar
- Fresvik Enspire skule for overnattingsplass
- Hans Ivar for lån av bringebærtunnelar, praktisk hjelp og ei generelt positiv innstilling
- Ola Hopperstad for lån av hydraulisk stolpedrivar
- Leidulf for opprydding og madrasstransport
- NTP for verdas beste tekstiltrykk og Digital etikett for verdas beste sideretikettar
- Syver for å trø til i oppryddinga, til trass for at han ikkje fekk vere med på festen
- Ungane for minimerch, toastsal, god stemning og delvis å lyde foreldra sine
- Einar og Jorunn for å hente mat, rydde festivalområdet gang på gang og stille opp som illustrasjonsfoto i lokalmedia
- Sunni, Kelly og Elisabeth for barnepass, sying, blomsterplanting og hjelp der det måtte trengst
- Elisabeth igjen for mat, transport og alt mogleg anna før, under og etter festivalen.
..og til sist: Tusen takk til Jon for alt han gjorde for festivalen. Vi håpar han hadde vore nøgd med Fres 2026.
❤️❤️❤️
LT, PC, Håvard, Gunnar, Pål, Bjørn, Kaia, Maren, Mari og Trude

