SLIK KJEM DU DEG TIL OG FRÅ FRESVIK!
Båt til og frå Sogndal
Fjord X fraktar deg trygt mellom Sogndal og Fresvik kvar dag og natt – også torsdag! Båten går frå Sogndal i tide til at du får med deg sagnonsuste Radio Fres! Båtbillettar finn du her – velg kategorien Transport.
Torsdag: avgang Sogndal 16:45 (Slinde ca. 17:05) – passar perfekt for deg som kjem med buss (VY170) frå austlandet. Retur frå Fresvik 01:30
Fredag: avgang Sogndal 12:00 (Slinde ca. 12:20), retur frå Fresvik 01:30
Laurdag: avgang Sogndal 12:00 (Slinde ca. 12:20), retur frå Fresvik 01:30
OBS: gyldig festivalpass eller dagsbillett til den aktuelle dagen må framvisast ved ombordstiging.
Tog og buss frå heile landet
Her finn du billettar reisetider til buss og tog:
Dersom du tek bussen som går 09:40 frå Oslo (VY170) på torsdagen, så rekk du båten som går 16:45 frå Sogndal direkte til Fresvik. Båtbillettar finn du her – velg kategorien Transport.
Båt frå Bergen
Dersom du reiser torsdag elle fredag, kan du ta båten frå Strandkaiterminalen kl 08:00, gå av i Vik, og så ta bussen vidare derfrå. Turen finn du her.
Korleis kome seg frå Fresvik
Torsdag, fredag og laurdag kveld
Fjord X har avgang til Sogndal kvar natt kl 01:30. Båtbillettar finn du her – velg kategorien Transport.
Natt til laurdag og natt til søndag har vi sett opp ein buss i retning Vik som går kl. 02.00. PERFEKT for deg som bur i Feios, Vangsnes eller i Vik! Bussbillettar finn du her – velg kategorien Transport.
Søndag på dagtid
Vi har sett opp ein eigen buss som går frå Fresvik til Sogndal søndag 26. juli kl 12:00. Bussen er framme i Sogndal kl 13:50, slik at du rekk bussar eller fly vidare i retning Oslo. Bussbillettar finn du her – velg kategorien Transport.
Treng du nokon å reisa med?
Dersom du treng ein reisekompis, meld deg umiddelbart inn i Facebook-gruppa Road Trip Fres! Der kan du treffe andre som er på ved til det sagnomsuste Fresvik!

