CAMP! CAMP! CAMP!

Camping er triveleg – festivalcamp er fantastiko

Som dei fleste andre festivalar som meinar festivalvor, har Fres Festival sin eigen festivalcamp. Campen vår har alt ein kan ønska seg frå ein festivalcamp: plass til sette opp teltet ditt, umiddelbar nærleik til konsertomådet og god tilgang på festivaldassar! Campen er gratis og tilgjengeleg for alle som har festivalpass.

Campen har nattevakter heile natta.

Festivalcamp er kun inkludert i festivalpass (2255,-). Det er ikkje høve å kjøpe camptilgong separat. Dagspass gir kun tilgong til konsertområdet.

Nokre enkle reglar – for auka trivsel i campkvardagen!

Campen på Fres Festival går óg for å vere ein av dei trivlegaste campane i Fesitval-Noreg! For å halde trivelsnivået på det absolutt høgaste, har vi utvikla eit lite knippe med køyrereglar som alle på campen har gleda av å følgje.

  • Ver snill og grei og vis hensyn til dine medcamparar! Då vil alle andre lika deg!
  • Ingen bruk av open eld på campområdet.
  • Ingen bilar eller andre farkostar med registreringsnummer. Det er heller ikkje lov å bruka plenklyppar som bagasjetransportør.
  • Ikkje slå opp teltet ditt kliss inntil gjerdet som går rundt heile campen – lat det vere minimum ein 90 cm mellom telt og gjerde, slik at det er mogleg å gå mellom.
  • All bruk av eingangsgrillar og open eld er forbode (sjå pkt.2)! Bruk heller ein av våre store grillar som vi fyrer opp til glede for grillkåte camparar.
  • Rett deg etter instruksar frå vaktlaget vårt – dei er så trivelege atte!
  • Rydd opp etter deg – pelm gjerne boset ditt i den digre kontainaren, og putt tomme brusboksar i eigne panteposar. Vi skal passe på at det alltid er rikeleg med posar tilgjengeleg.
  • Ikkje lov meir enn du kan halde (generell regel du kan bruka i livet ditt elles)