AKTIVITETAR 2025
Kunne også du tenka deg å oppleva taher i Fresvik? Kjøp deg ein billett umiddelbart! Med atterhald om endringar.
Fredag
Chill hike med Dag Einar!
Alle kan semjast om at Fresvik er verdas finaste bygd
Under Fres kan du få ein unik smak av dette. Bli med på ein lett og behageleg tur til storslått utsikt med Bøtun Adventure Group. Dag Einar losar deg trygt frå festivalområdet til Haukastølen. Der kan du stirre lengtande innover verdas lengste (isfrie) fjord.
Turen tar omlag 2,5 time inkl. pause (ta med ei litta pils kanskje…) og avreise er kl. 10:00 fredag. Då rekk alle fint attende til Radio Fres. Det blir mogleg å sjekke ut lokal stølsarkitektur (enn så lenge ikkje plaga av det jævla arkitekturopprøropplegget).
Dag Einar melder også at dette er gratis. Så det er faktisk gibortpris. (han legg seg sikkert ikkje på magen om du spanderar ei litta øl på han utpå kveldingen…) Opplev Fresvik på det finaste, bli med på tur!
Påmelding: send ein epost til botunadventure@gmail.com, så blir livet litt enklare for alle.
Dette er meget low-key og berre triveleg, litt sånn som Fresvik.
Rotur på fjorden med Ruben!
Eg er ein båt
utan vind!
Kven har ikkje drøymt om å ta seg fram for eiga maskin på den majestetiske Sognefjorden? No kan den draumen me ber på bli røynd! Saman med Bøtun Adventure Group tilbyr me no ei unik moglegheit til å ro majesteten over robåtar, Sognefæringen, på verdas djupaste fjord. Båten har plass til opp til fire personar, eller tre dersom ein vil bli rodd av romeister Ruben Bøtun.
100 kroner per pers, for 45 minutt, det er såkalla gibortpris, og pengane går direkte til Indre Sogn Kystlag.
Dette er ein unik sjanse til å sjå Sogn på det vakraste, og kjenne på korleis livet ved fjorden var før i tida.
Turane går dagtid fredag og laurdag, send epost til botunadventure@gmail.com for å få meir info og melde deg/dykk på.
Så kanskje glid me inn på ein våg me ikkje har visst um.
Laurdag
Joggetur med Dragebenny i Fresvik-fjella
Etter nokre herlege avslappende festivaldager kan det vere godt å få bevega litt på seg! Bli med Dragebenny – eller Benjamin Knutsen som han teknisk sett også heiter – på ein finfin joggetur i Fresvik-fjella! Dragebenny er ein av eldsjelene bak både Dragefjellet Minifestival OG Dragefjellet Løpeklubb, og han er slik sett den perfekte kandidat til å lose ein joggetur under årets Fres!
Turen startar i Skar og går på sti til Middagshaugen, Holten, Mulakamben, og så nedatt til festivalområdet på Skau. Det vert felles avgang i bil frå Skau til Skar kl 10:30 laurdag, og ein er attende på festivalområdet i tide til å rekke ein liten dukkert i fjorden før Radio Fres kl 13:00. Turen er for dei som likar å springe litt, men tempoet er heilt overkommeleg. Perfekt for deg som både vil riste litt liv i kroppen og samstundes oppleve dei mildt sagt spektakulære omgjevnadane!
For å melde deg på turen sender du ein direktemelding til @dragebenny på Instagram.




