Fres 2023 har landa og det er på tide å takke dei som gjorde dette muleg.

For økonomisk drahjelp takkar vi våre sponsorar Highsoft, Vik Accountor Sogn og Fresvik Produkt, og våre gåvegjevarar Yada, Sogn Sparebank, Sparebankstiftinga, Vik kommune og Kulturrådet. NTP har som vanleg gjeve oss verdas beste trykk, og Digital etikett har gjeve oss ditto flaskeetikettar. Ein stor takk også til Kåre og Fresvik Eldrebustader for lån av Bygdaheimen. For sights & sounds takkar vi Lise og Fuzzen frå Konsertsystemer/Bergen ento, Øyvind frå Hillestad, Sebastian frå diode laserdesign og linsemann Simen sTred Omland. For køyring, takkar vi som alltid Nann Ingunn, og for mellom anna madrasslån takkar vi Geir Ove.

Takk til alle frivillige som stilte opp under festivalen, og til dei som hjelpte oss med å få opp byggegjerda før festivalen. Kaia, Mari, Helene, Trude og Maren har nok ein gong stilt opp på måtar som er for mangfaldige til å kunne skildre i detalj her. Vi takkar Stig for å ha komponert dei lekraste artistrettar og Bjørg og hennar frivillige for å lage get-in-mat til artistane. Pål får enorm takk for for ei vekes arbeid, ikkje minst med eminent scenemeistring. Bjørn skal ha takk for alle dei greiene Bjørn gjer som hindrar at arrangementet går i grøfta. Rikke handterte artistar med Fingerspitzengefühl, og Maria rigga festivalområdet og bemanna artistbaren som om ho aldri skulle gjort noko anna. Geir, Petter, Christian, Bjørn og Roger får ståande ovasjon for deira leveranse av leskande drikke til festivalpublikum. Vi takkar ungane våre, som i varierande grad har lydd og hjelpt til, og besteforeldre for å passe dei og trø til når det trengst.

Takk til alle artistar og ikkje minst vårt fantastiske publikum.

Til sist rettar vi den aller største takken til Jon og Elisabeth for gard, grunn og utrøytteleg innsats for å få arrangementet på plass.

Og sjølvsagt: takk til alle vi av ein eller anna grunn har gløymt å takke!

LT, PC, Håvard & Gunnar