Nerds rule the world, man!
Matt Groening (nerd)

Les og likar du syndrom-serien Kim Peek på teikneseriesidene, men har no lyst til å lese noko av nokon som faktisk kan skrive og teikne? Les du ikkje og likar du ikkje syndrom-serien Kim Peek på teikneseriesidene, og vil heller lese noko av nokon som faktisk kan skrive og teikne? Festivalmusikk og teikneseriar er begge kunstformer omgjevne av ein herleg aura av innadvendt skapartrong og hybeltilvere, uttrykksformene smittar ofte over på kvarandre (sjå til dømes årets logo frå den mindre kredible Øyafestivalen i Oslo), og rockemusikk og teikneserieestetikk har alltid hatt eit sterkt band mellom seg, frå Rolling Stones og Kiss fram mot våre dagar – sjekk t.d. det ekstremt dyktige og tidvis latterframkallande prog-bandet Coheed & Cambria, som lagar musikk basert på ein Conan-aktig teikneserie frontmannen Claudio Sanchez skriv på på fritida.

Det frelste teikneseriefolket kan vere litt vanskeleg å få taket på. Av og til er det nokon, ofte ein mann i førtiåra, gjerne iført briller og slitt brun blazer, som kjem med utspel om at no er det på høg tid at teikneseriar vert anerkjende som høgverdig kultur på line med bøker, film og måleri – noko som er merkeleg og litt trist, og minner om ein einsam galning som brått byrjar å skrike etter merksemd i ein kø full av ukjende. Høgverdig kultur er det i kraft av seg sjølv, og treng naturlegvis ikkje anerkjenning for å vere dette — ikkje som oss ungar som trengte signatur av føresette før vi fekk kjøpe teikneseriar på postordre på åtti- og nitti-talet (kjøper forresten nokon noko som helst på postordre lenger?). Og vi som alt er frelste veit allereie at teikneseriar ikkje berre er suveren, høgverdig kultur — det er antakeleg den mest suverene kulturforma vi har for subtile skildringar av menneskeleg psyke, for vare skildringar av metaforar og stemningar, og ikkje minst for brautande skildringar av kolossale eksplosjonar, robotar i vill kamp og meterhøge søyler med menneskeblod.

Ikkje dermed sagt at dei som er opptekne av teikneseriar ikkje er nerdar. For det er vi. Dagslysredde nerdar, gjerne med pipestemme, briller og hårline på vikande front. Men det må ikkje drive deg bort: teikneseriar er det ultimate lesestoff å ha med i telt på festival, sidan ein kan konse på ei snakkeboble om gongen i staden for eit kapittel om gongen –- og vert til og med det for mykje stress i solskinet, kan du jo berre kikke på bileta? Under føresler vi ti innførings-titlar for deg som treng konkrete døme før det verkeleg kan gå opp for deg at teikneseriar er meir enn Donald. Ikkje at det er noko gale med Donald.

Maus av Art Spiegelmann (1973-91)

Maus

Ein liten vaksen-favoritt her, ofte nemnt utaføre teikneseriekretsar blant menneske som legg vekt på kulturell kapital, for å syne utsøkt alternativ god smak. Uansett er det ein eksepsjonell serie, som flytta grensene for kva folk torde handsame i teikneserieform, og synte individet i møte med vondskapen (ja, det er om Holocaust) på ein måte som får Schindlers Liste til å framstå som cheesy føremiddags-TV. Ekstremt rørande. Søte museteikningar får ein med på kjøpet.

Preacher av Garth Ennis og Steve Dillon (1995-2000)

PreacherEi kyrkje eksploderar og tek livet av eit hundretals menneske i indre Texas, kyrkjelydens prest finn att leigemordar-eksen sin på rømmen i lag med ein blodhungrig irsk vampyr, ein udødeleg mordarhelgen legg ut på tokt og drep alt han kjem over som t.d. eit heilt distrikt med politimenn samt helikopteret deira, ein ung mann som drog den usunne Kurt Cobain-fascinasjonen litt vel langt startar karrieren som fenomenet «Arseface», ein massemordar i Bronx har fylt opp kjøleskapet med ferskt kjøtt, og sjølvaste Vårherre seier opp jobben og stikk av – og alt dette skjer i første bind! Denne fantastisk ekstremhedonistiske/-blasfemiske serien sprengte alt som var av grenser då den byrja livs-(og døds-)syklusen på 90-talet, og er framleis referansepunktet for brillekledde puslingar som likar å sjå hjernemasse på trykk. I tillegg har den mykje godt og gjennomtenkt på hjartet, særleg om religion og moral. Obligatorisk.

Buddy Does Seattle av Peter Bagge (1992)

Buddy Does SeattleOg apropos Kurt Cobain: Buddy Does Seattle er det andre og beste bindet i Peter Bagges fantastiske serie om New Jersey-slackeren Buddy, og det ultimate verket om livet midt i grunge-kulturen. Her er det retningsløyse, slitasje etter for høgt og jamnt inntak av rusmiddel, og elendige parforhold som utgjer navet, istaden for romantisering av junkielivet eller skjønnmaling av depresjon, og hovudpersonen (så vel som Bagge) set ikkje ein gong spesielt stor pris på musikken – ein stad legg han ut på vegen som manager for eit band med tre medlemmar som heiter Kurt kun for å tene nokre dollar, men grunna dårleg kjemi vert han sparka ut av bandbussen kort tid etter at dei har forlatt Seattle, sidan samtlege i bussen viser seg å vere ein haug med sjølvopptekne sytepavar. Som dei seier i føreordet: «Whining was a big thing back then.»

Transmetropolitan av Warren Ellis og Darick Robertson (1997-2002)

TransmetropolitanSom Preacher er Transmetropolitan ein del av den nye bølgja av pulp-comics med på alle måtar vaksent innhald som fekk utfalde seg på Vertigo-labelen på 90-talet. Dette er science fiction slik science fiction skal vere: fylt av gadgets, vald, dop og samfunnskritikk, og strippa for elendige CGI-romskip styrt av trevirke forma som karakterar med namn som «Starbuck» som fis rundt til frustrerande tam-tam-tromming. Moralen er den gode gamle om at du skal vakne opp, hytte med neven og tenke sjæl, men sjeldan har det vore sagt betre. Eller for å seie det med Spider Jerusalem: «If anyone in this shithole city gave two tugs of a dead dog’s cock about Truth, this wouldn’t be happening.»

Peep Show: The Cartoon Diary of Joa Matt av Joe Matt (2003)

Peep ShowPeep Show er eit imponerande verk, mykje fordi det medførar verdsrekord i sjølvutlevering. Det er ingenting i livet til Joe Matt som Joe Matt ikkje tykkjer han kan teikne ut, og dette er særskilt imponerande sidan Joe Matt verkeleg ikkje er ein spesielt sympatisk fyr. Mytologien kring serien skal ha det til at den vart lagt ned avdi ikkje ein gong butikk-kasserarane orka å snakke med Matt etter kvart, slik at han gjekk tom for materiale.

Watchmen av Alan Moore og Steve Gibbons (1986)

WatchmenDen ofte noko krevande Alan Moore er ein mann for teikneserienerdar med uttalt god smak, og Watchmen er rekna både som hans hovudverk og som ein av dei generelt viktigaste teikneseriane som er laga. Framandord som «svært ambisiøst» vert ofte nytta om dette verket, medan geeks vert hissige om ein heller nyttar «litt pretensiøst?». Det eine som kjenneteiknar Moore sine seriar er valdsam dekonstruksjon, noko som i Watchmen mellom mykje anna medfører at vi ser samanhengen mellom superheltar og fascisme. Det andre kjenneteiknet er at mange av dei flotte seriane hans, bautaer som League of Extraordinary Gentlemen, From Hell og V for Vendetta, vert omskapte til filmatiseringar som klarar å kombinere elendig kvalitet med total mangel på indre logikk. Også Watchmen kjem snart til ein kino nær deg — resultatet vert garantert anten drit eller komplett uforståeleg.

Uflaks av Christopher Nielsen (2006)

UflaksDet har vore diskutert om han i det heile kan å teikne, men det er få som ser poenget i å diskutere om han er Noregs beste teikneserieskapar. For det er han. «Broren til Jokke» har festa til papir eit totalt, gjennomført og ikkje minst einestående lite glamorøst univers, eit Oslo eit godt stykke borte frå festar på Mono og Stratos, særleg når han ser det gjennom augene til dei to trøtte typane, blandingsmisbrukerne Odd og Geir. Ikkje minst glitrar dei i dette siste og antakeleg beste albumet, der Odd må inn til soning og Geir byrjar som sjølvstendig næringsdrivande av den bokstavleg tala svært skitne sorten. Føler du at du i festival-ånd heller vil ha ein solid dose jamming samt noko tilhøyrande fordommar mot distrikta, prøv überklassikaren Jazzbasillen (1991).

Som en silkehandske støpt i jern av Daniel Clowes (1998)

Daniel ClowesKunstserie! Daniel Clowes er teikneseriens David Lynch, og som hjå den sjarmerande galningen er det ikkje mykje som heng heilt saman her heller. Ingen teiknar kroppslege deformitetar, tilforlateleg vald, rare dyr og håravfall som Clowes. Fascinerande og ekkelt og sært og skummelt og litt fint innimellom, nett som livet sjølv, som dei nok ville sagt det, desse alternative folka som typisk legg si elsk på denne boka.

The Complete Crumb Comics vol. 1 – 17 av Robert Crumb (1958-)

CrumbMange vil ha det til at heile sjangeren «undergrunns-serie» starta med Robert Crumb. Som det meste av litt eldre subkultur medfører det at han i 2008 dreg inn enorme summar på coffeetable-bøker. Har du ein indre LSD-høg hippie som sit i indianarstilling og nynnar usamanhengande på ein Grateful Dead-låt — eller ein seksuell fascinasjon for damer med tjukke leggar — så er Crumb din mann. I så fall: vit at han har gjeve ut såpass mykje at du kan velgje mellom å sanke inn alt eller reise tilstrekkeleg eigenkapital til å få deg eit huslån.

Daredevil av Frank Miller (1980-83)

Daredevil«Hald opp, din snobbete jævel! Berre gje meg nokre gode gamle superheltar straight up and down, OK!?» seier du kanskje no. I så fall er Daredevil (eller «Våghalsen», som var hans elegante norske namn ein kort periode) frå starten av 80-talet kjennaren sitt førsteval. Dette var Frank Miller sitt gjennombrot og ein liten revolusjon av sjangeren, før Miller førte revolusjonen eit sjumilssteg vidare med den i seriekretsar ekstremt ofte nemnte Batman-serien The Dark Knight Returns, for deretter å reindyrke noir-forma i Sin City og deretter få stor suksess ved å vere med på å filmatisere den bortimot rute for rute. Miller er i dag folkeeige i breie nerde-lag, og Miller-Daredevil er fylt av nydeleg komponerte sider med masse masse action. Dessutan er her ninjaer! i fleng, mykje takka vere Millers usunt intense forhold til det som kanskje er verdas tøffaste teikneserie, det klassiske 28-binds-verket Lone Wolf and Cub, som går føre seg i Edo-tidas Japan. Sjekk ut den óg når du har komme deg gjennom denne lista og har blomstra ut i full nerd, du.

For fresn.com og serie-elskarar everywhere: Tornerd Nerdevall.
Publisert 15.07.2008