Pom Poko

Rundt 2017 deisa Pom Poko ned på den norske musikkscena for første gong. Med sitt utspring frå den sagnomsuste jazzlinja ved konservatoriet i Trondheim greip Pom Poko umiddelbart publikum med sin quirky dansbare pop. Som ei lett blanding av Ungdomskulen og Sauropod (begge kjente fjes for tidlegare Fresarar) har Pom Poko segla opp som eit av dei nye store navna frå Noreg, og i 2018 var dei land og strand rund på festivalar som Iceland Airwaves og den massive bransjefestivalen Eurosonic.

Festleg/tilfeldig nok så slepp Pom Poko debutalbumet “Birthday” same dag som dei blir bekrefta til Fres. Me kan godt foregripe nyhendene her, og allereie røpe at ei samla kritikarkorps hyllar albumet som årets viktigaste utgivelse og/eller eit toneangivande manifest om generasjon Z’s reaksjon mot dagens popmusikk. Uansett, eit såpass feitt og quirky band at du definitivt bør få det med deg.

SPØTTINJE

VIDEO