Team Me

Team Me – som herja både scener og hitlister frå 2010 til 2015 – gjer eit sensasjonelt comeback på den norske musikkscena. Comebacket legg naturlegvis turen innom Fresvik og Fres Festival!

Team Me gav mellom 2010 og 2015 ut to fullengdarar: To the Treetops i 2012 og Blind as Night i 2014. Førstnemnde vart belønna med Spellemann, og Team Me skulle etterkvart reise jorda rundt og spele på festivalar som teknisk sett er større enn Fres Festival: Roskilde, SXSW, Latitude m.fl!

No er Team Me attende med ein klassisk allnynnande tune i håndbagasjen,”Blurry Precise”. Bak den noko ambiguøse tittelen skjuler det seg ein veldig fokusert poplåt som kjem til å ha deg dansande rett foran scena på Fres. Putt på allsangfjeset, det er tid for å minnast ei enklare tid, det tidlege 2010-talet.

SPØTTINJE

VIDEO