Kvelertak

Kve – lårh – tag!

Shit no er det i gang folkens! Slagskipet frå Stavangertraktene, røyrampen frå Ryfylket, sjeftsstolen frå Sørvestlandet. Kjært born har allittererte navn – og kva vedkjem kjære born: ingen kjærare enn Kvelertak!

Kvelertak er det beste rockebandet i landet. Derom herskar ingen tvivel, ingen debatt, ingen diskusjon. Med sine tre fullengdar, sine tre Spellemann-prisar og sine ein milliard liveshows har dei eigenhendig lagt både Noreg og utlandet for sine Vansbekledde føter.

Med sitt balletak (balletak? er det det dei heiter??) på publikum og ein låtkatalog djupare enn Sognefjorden kjem Kvelertak krypande opp kysten frå Rogaland med kun eitt mål auget: Fres Festival.

Dette vert headlinershowet som kjem til å gjere ende på alle headlinershows – og folk i Fresvik og Vik kommune kjem for all tid frametter å delast inn i to kategoriar: dei som var der og dei som ikkje var der. Kall oss gjerne inhabile, men vi anbefalar på det aller grovaste at du havnar i den første. Vi lovar deg at du ikkje kjem til å angra!

Snakkast på fremste rad!

SPØTTINJE

VIDEO