Thea Hjelmeland

Fantastiske Thea! som ho har blitt kalt av musikkmeldarane i blådn, er det fremste ikkje berre Fjordfylket, men heile Noreg og forsovidt verda også, kan by på. Faktisk ryktast det at heile fylkessamanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland blei til av rein misunning fordi Bergen ville ha Thea Hjelmeland. Ho har gjeve ut plater sidan 2012 og sanka i 2015 inn ein Spellemann som Noregs beste indieartist. Ho er ei heller verre på det enn at ho no nyss har sanka inn ytterlegare 2 Spellemannsnominasjonar, for si siste skive Kulla, i kategoriane tidenes Indie tidenes Låtskrivar.

Ikkje rart det haglar med nominasjonar: Hjelmeland spelar nemleg som var ho ein zen-munk: naturleg, lett som ei fjør og samstundes meir nærverande enn eit bedriftshelseprosjekt.

Så tvil ei folkens –  Thea Hjelmeland på Fres Festival vert ein av flottaste musikkopplevingane på den vestlege halvkula i 2019.

SPØTTINJE

VIDEO