White Denim

Rydd kalendaren, White Denim kjem til Fresvik! Psykedelisk rock/prog/jazz/soul-bandet frå Austin, Texas, er hyperaktuelle med sitt siste album “Side Effects” og skal før ankomst Fres berre gjere ei litta stadiumgig med Noel Gallagher i la grande bretagne.

White Denim har gitt ut totalt ni kritikarroste album, og turnert med mellom anna Wilco. Live er austinittane kjent for å vere dei vassaste i bestikkskuffa, me tar med eit sitat:

“White Denim are one of the best live bands you will ever see if you live to be a million. That’s not excitable hyperbole, merely a bald statement of undeniable fact…” — Time Out

Og skjemmer oss bort med eit til:

“The last great rock & roll band!” — The Guardian

Dette kan du faktisk ikkje forsvare å gå glipp av! Samme kva preferansar du har, kjem du til å elske White Denim!

SPØTTINJE

VIDEO