Malin Pettersen

Med ein sylfersk Spelemann (årets country-artist) i saltaska legg Malin Pettersen siste helga i juli ruta innom Fresvik og Fres Festival for å levere ein solid dose av sin etterkvart svært populære miks av frisk country og kool americana. Malin Pettersen har lenge vore kjent som volkalist i bandet Lucky Lips, og ikkje minst som programleiar i NRK P13 der ho leiar country og americana-programmet Kåbbåi! Ho tok nyleg for alvor steget inn på den nasjonale musikkscena då ho mottok Spellemann for beste country-album.

Fres er ikkje redd for å bli episenter av kvalitetskøntri, og me fylgjer stolt opp fjorårets mindblowing Darling West-konsert med det sterkaste navnet på country/americana/kjærtbarnharmangenavnsjangeren for tida, Malin Pettersen. Ta på gled-deg-fjeset, dette er til beinet kvalitetsopplegg!

SPØTTINJE

VIDEO