Takk til kjeldene1

Med blåe nutar og skard i skard ligg fjelli kransa kring bygdi,
og bratte lier med skredefar og kjempehauger er nøgdi.
% Ja, det er Fresvik du slik vil finne, med far og mor og med tusen minne %.[2]

Utdrag frå Fresviksoga

Fresvik ligg ved inngangen til Aurlandsfjorden, 35 kilometer svingete veg frå kommunesentrumet Vik (bygdi høyrte til Leikanger kommune fram til 1992, ei tid Fresvikjene tenkjer tilbake på med vemod og lengt). Fresvik er i følgje Reidar Bøthun den viktigaste hamnebyen i Sogn.

Skrivemåten for bygdenamnet Fresvik (uttale Fræ’ssvik) har tidlegare gått under fleire versjonar, til dømes: Fræysvik, Frøysuiik, Ffrøswik, Frøswygh og Fresswigh. Namnet stammar av gudenamnet Frøy, og skriv seg altso frå den heidne tidi.[3]

Den nedre luten av Fresvikbygdi, på austsida av Fresvikelvi (Storelvi) omfattar gardane Bøtun, Bjørnetun, Høgheim, Skauv (Skau), Holum, Grundeland og Hov. Frå tidlegare tider til i dag har det vore eit yrande liv i dette området. Dei fire fyrste av desse gardane låg i rekkjetun til etter 1800 (med bakgrunn i mellom anna ei stygg skredulukke i 1847 vart busetnaden etterkvart spreidd utover bygdi).[4]

Fresvik var herregods frå 1400-talet av. Fresvik-godset hadde fleire eigarar opp gjennom tidene. Ein av dei mest kjende var presten og forfattaren Iver Eriksøn Leganger (1629-1702). Godset blei verande i hass etterslekt fram til midten av 1700-talet, då store deler vart selde vekk, og hamna i hendene til mellom andre futen og Knagenhjelm-ætta. Den delen som stod att av godset kom til Lars Hille, som var godseigar frå 1809 til han døydde i 1824. Etter han vart restane av godset delt opp og seld.[5]

Skau (g.nr. 38)

Skau ligg på austsida av Fresvikbygdi, lengst ute på ein terrasse over kyrkja, under ei bratt skogli (Bakkadn). Jordsmonnet er grunt, med mykje stein: Kvar ein grev, so kje mein ned på gamal elvegrande.[6] Garden har likevel ei ypparleg utsikt over bygdi og fjorden som ein kvar besøkjande vil setje stor pris på.

Kart over Skau

Kart over Skau

Om lag 1360 vart gardsnamnet skrive Skaufi, noko som seinare endra seg til Skough, Schough og Schoug på 15-, 16- og 1700-talet. Namnet kan koma av dusk på gamalnorsk eller kornband på angelsachsisk, noko som truleg skal visa til krattskog.[7]

Skau har ei rik ættesoge.[8] Den fyrste leiglendingen vi kjenner til på garden, i 1563, var Askild. Mellom 1611 og 1626 budde Oluff Madsson på garden. Han var både lensmann og sagmeistar. Gaute Torbjørnson Hov var brukar på Skau 1645-86. I denne tida hadde han Knut, Arne og Johannes som husmenn. Garden gjekk så over til Ola, og vidare son hass Mons rundt århundreskiftet. Seinare viktige brukarar var mellom anna Lars Olson (frå 1735 til 1760), som var jekte-eigar, båtbyggjaren Sjur Ivarson Byggjar og sonen hass Ivar Sjurson.

Skau vart seld til staten og vart militær sjefsgard i 1814. I denne tida var det oberstløytnant Christian Fredrik Wilhelm Scharffenberg som styrte. Det vart bygd eit stort toetasjers herskapshus med halvvalma tak til kommandanten, og i 1822 vart garden utskift frå dei andre gardane og fekk størsteparten av innmarki samla i eitt. Frå slutten av 1830-åra leigde Johan Henrik Cappelen garden. Cappelen kom frå Vik og var sorenskrivar, og han flytte kontoret sitt til Skau. I 1859 vart garden seld, og herskapshuset vart flytta til Mo jordbruksskule i Førde.

Jon Monsson Grøt (1821-1913) flytte inn på b.nr. 1 med Mari Larsdotter i 1860. Huslyden deira kom opphaveleg frå Naueset i Sogndal i 1855, og dei hadde i mellomtida budd på Njøs. Sonen deira, Lars Jonson Skau, dreiv garden vidare, og overlot denne til son sin Jon Larson Skau. Jon Larson Skau var ein driftig kar, og i tillegg til gardsdrifta starta han også Skau’s Kassefabrikk, med tilhøyrande sagbruk. Jon let i sin tur garden gå vidare til sonen Lars Jonson Skau, som gifte seg med Margit Pedersdotter i 1949. Lars var den siste som dreiv dette bruket.

Fresvik i eit nytt årtusind

I dag er Fresvik kjent, kanskje meir enn noko, for Fresvik Produkt as. Denne hjørnesteinsbedrifta, som sysselset 45 tilsette, har produsert isolasjons-element til kjøle- og fryseindustrien og fasade-element til byggmarknaden sidan 1980.[9] Dette er likevel ikkje den einaste arbeidsplassen i bygdi; med Bygdaheimen, har Fresvik også ein viktig kvinnearbeidsplass[10].

Vidare har Fresvik eit blomstrande idrettsliv, med eit flott anlegg midt i smørauga i sentrum. Bygdi er også kjent for Mensen Ernst Minneløp, som vert halde av idrettslaget IL Modig kvart år i august. Mensen Ernst var ein husmannsgut og sjømann frå Fresvik som var kjent for å kunne springe fort. Han deltok og vann i det første store løpet i Sør-Afrika i 1813. I 1842 fekk Mensen dysenteri og døydde under ein ekspedisjon for å finne Nilens kjelder.[11]


  • 1 Denne framstillinga skuldar lærar Per H. Bøthun (1898-1962) stor takk. Bøthun var framhaldsskulelærar, klokkar, konservatorieutdanna organist, ungdomslagsformann, sogelagformann, sparebankforstandarskapsmedlem, fråhaldsmann, komponist av Fresviksongen, songdirigent, varaformann i Sognekraft, varaordførar, ordførar, heradsstyremedlem og spaltist. Han var òg bygdebokforfattar, og står bak ei av hovudkjeldene til denne artikkelen: Leikanger bygdebok: Gardssoga. Leikanger: Leikanger bygdeboknemnd, 1965.
  • 2 Fyrste vers av Fresviksongen (Jon O. Bøthun/Per H. Bøthun). Henta frå Fresvik skule sine heimesider.
  • 3 Bøthun, s. 27f
  • 4 Bøthun, s. 51ff
  • 5 NRK Fylkesleksikon: “Fresvik-godset”
  • 6 Bøthun, s. 51
  • 7 Olav Veka: Norsk etternamnsleksikon. Oslo: Samlaget, 2001. Sjå også Bøthun.
  • 8 Denne framstillinga av ættesoga byggjer i første rekkje på Roald Lyngvær: Leikanger bygdebok: Ættesoga. Leikanger: Leikanger bygdeboknemnd, 1979.
  • 9 Fresvik Produkt
  • 10 Fresvik skule
  • 11 Sjå Fylkesleksikonet og Mensen Ernst-sidene.

Lokalhistorikar Gunnar Husabø
e-post: gunnar.husabo@fresn.com
Publisert 09.05.2006