fbpx

Dersom du på generelt niveau har spørsmål om Fres Festival kan du sjå om dei har vorte svara på i faq-en. Dersom du ikkje finn tilfredsstillande svar her, eller dersom du har noko du vil ytra overfor festivalleiinga, kan du sende e-post til post [krøllalpha] fresn.no. Bookingførespurnader kan du gjerne sende til booking [krøllalpha] fresn.no (eller send oss ein demo i posten, då vel!).

Dersom du har lyst til å sjå din status auke i venegjengen, eller har lyst til å halde oppsyn med kva barna dine driv med på fritida, kan du gi oss ei melding om dette, så skal vi nok få ordna ei eller anna arbeidsoppgåve til deg.

Fres Festival har elles teke innover seg at vi er omslutta av den sosiale interwebs 2.0, og er difor også å finne på:

Om du mot formodning har mista trua på elektronisk korrespondanse kan du nå presseansvarleg Håvard Hes Ese Eliassen på 901 32 006.