Kva vil det seia å vera på festival? – Søken etter festivalen sin kvalitative konstitusjon og dertilhøyrande metafysiske spekulasjon

Utgangspunktet

Spørsmålet «kva vil det seia å vera på festival?» er på overflata eit talentlaust spørsmål som lett kan svarast på. Einkvar som vert konfrontert med spørsmålet vil sannsynlegvis starte ei oppramsing i desse baner: «jau, det vil seia å bu i telt, høyra mange feite konsertar, drikka store mengder øl, grilla kjøt, vera med vener, vera oppe heile natta osb. osb. osb.» Dette stemmer for so vidt, men går du litt i djupna, og det vil ein jo, ser du at alle forslaga over eigentleg berre er ei lang rekke med ulike døme på kva ein gjer når ein er på festival, dei svarar ikkje på kva det er det vil seia å vera på festival, og då i fyrste rekke Fres Festival. Alle desse døma, si empiriske slagkraft til trass, seier oss ikkje direkte noko om kva det er som gjer at det å vera på Fres Festival skil seg frå det å vera på noko anna, t.d. Landsskyttarstemnet eller Singelfestivalen i [kvar enn den er], og dette lyt vi fre(i)s(ta) å finna eit svar på, men først;

Ein nødvendig reduksjon…

Det skal seiast at det første forsøket på å svara på spørsmålet om kva det vil seia å vera på festival i avsnittet over vart frekt feia av som ikkje noko anna enn noko i retning av ein mindre brukandes nominaldefinisjon. Men, alle døma over på kva ein gjer når ein er på festival, Fresn that is, kan kanskje hjelpa oss i veg mot svaret vi leiter etter. Dette med hjelp av litt hard fysikk. Hard fysikk er alltid greitt å ha med å gjere når ein er på jakt etter svar.

Alle døma som var gitt på kva det sømer seg å gjere når ein er på festival, det vera seg musikkdigging, Radiofreslytting, tofuforkasting, pilsdrikking eller teltbuing, kan sjåast på som eit stort sett med hendingar, og til eit kvart tidspunkt T er det eit gitt sett med hendingar S som finn stad. Alle desse hendingane kan igjen skildrast i reine fysiske storleikar. Med fysiske storleikar meinast ting som vekt, fart, kraft, elektrisitet, gravitasjon, intoksikasjon, kjemiske prosessar, lydstyrke; kort fortalt, alle ting som let seg måla av ein eller annan dings. Dette er sjølvsagt berre mogleg i teorien, sidan det skal rimeleg mange NTNU-fjes til for å ved eit gitt tidspunkt T måla alle dei fysiske aspekta ved eit gitt sett med hendingar S, men teoretisk er det ingen problem.

Lat oss so seia at vi tek alle hendingane ved tidspunkt T, straumen som driv PA-en, trykket i anslaget til gitaristen på scena, promillen i ein bestemt person sitt blod, talet pils som er igjen i den og den kjølebagen, varmen som strålar frå grillen, i det heile alt som skjer ved det eksakte tidspunktet T, og måler dei med alle dei ulike målemetodar som krevjast. Då vil vi sitja att med eit sett opplysningar som til saman utgjer heile den fysiske konstitusjonen for Fres Festival! Dermed, vil mange seia, har vi funne ut kva det vil seia å vera på festival. Det det vil seia å vera på festival er nemleg, har fysikken vist oss, summen av alle dei hendingane som til ei kvar tid finn stad under Fres Festival. Vi har dermed vist at det finst noko som er slik at det er det det vil seia å vera på festival, og at dette noko er summen av alle dei fysiske hendingar som finn stad under Fres Festival. Det kan sjå ut til at Newton vinn igjen.

…og kvifor den ikkje er tilstrekkeleg

Men, dette er opplagt ikkje nok. Det knyter seg ein heil del problem til påstanden at ein Fres Festival kan reduserast ned til eit knippe fysiske utrykk som til saman utgjer det det vil seia å vera på Fresn. -Jaha? Kvifor det? Her har vi jo ei kurant forklaring på kva det vil seia å vera på festival, kan vi ikkje berre gå for den? Kvifor skal vi på død og liv gje oss i kast med ein tvilsam ontologi og ein notorisk unnvikande metafysikk, din frekke sattan?? Gå med på dette før eg kappar håve av deg, Occam-style, vil nok mange fysikalistar seia.

Jaja. Den enklaste løysinga er ofte den rette, men alle vegar leier ikkje med naudsyn til Rom. Enkelte leier og til Fresvik. Grunnen til at vi ikkje kan redusera det det vil seia å vera på festival er følgjande; dersom det stemde, at kva det vil seia å vera på festival kan forklarast ved å ramsa opp alle dei fysiske eigenskapane ved festivalen, so ville ein og måtte gå med på at desse fysiske eigenskapane og måtte kunne skrivast ned på eit ark, om enn eit jævvla digert eit. Vidare må vi gå med på at den eller dei som les dette arket med det vil vita kva det vil seia å vera på festival, utan å faktisk ha vore der, og alle som faktisk har vore på Fresn veit at det ikkje er mogleg. Det ville vera det same som å påstå at ein person som aldri før har sett fargen grøn, men har fått tildelt eit ark (eit digert eit) der alle dei elektrokjemiske prosessane som går føre seg inne i skallen når ein person ser og opplever fargen grøn er skildra i fysiske termar, faktisk veit kva det vil seia å sjå fargen grøn. Ein kan jo freista sjølv å forklara kva grønfarge er, utan å syna til eit eller anna som er grønt.

På same måte som at tre hyllemeter med elektrokjemiske utsegn aldri kan syne deg grønheita i grøn, kan aldri tre tusen hyllemeter med fysiske skildringar syna den indre festivalheit ein finn i det det vil seia å vera på Fresn. Det vi er på jakt etter er festivalkvalia. Kvalia er nemleg det noko vil seia at noko er, det er grønfargen sin kvalia ein opplever så tydeleg når ein ser utover ein grøn plen, men som til trass for si tydelegheit ikkje let seg forklara til nokon som ikkje har sett den. Kvaliaen er det som smakar surt når du set tennene i sitronbåten. Kvalia er det som gjer så inn i hesten ilt når nokon spikrar ein teltplugg gjennom fotbladet ditt. Å tilfeldigvis vita at det er ilt fordi dei og dei nevrona fyrer som ville helvette medan dei og dei transmittorsubstansane held heime åleine-fest i synapsane dine, gjer ikkje ilt. Festivalkvaliaen er det ein opplever når ein er på Fresn. Den er det det vil seia å vera på Fresn.

Rekonstruksjonen

Det kan sjå ut som vi har funne ut kva det er det vil seia å vera på festival, Fresn vel, og at alt maset om dei fysiske attributtane ved Fres Festival var bortkasta. Dette er sjølvsagt ei lita overdriving. Til tross for at tanken om at det det vil seia å vera på Fresn kan reduserast ned til ein rimeleg diger bunke med påstandar om fysiske storlekar måtte tola ein heil del pepar i avsnitta over, skal vi ikkje forkasta den heilt.
Greia er at nemleg at når vi opplever festivalkvaliaen, so må det ligga eit sett S med fysiske tilstandar til grunn for at festivalkvaliaen opplevast slik som den gjer til det aktuelle tidspunktet. Men dette er ikkje det same som å seia at dette settet S er det det vil seia å vera på festival. Dette har vi snakka om tidlegare. Derimot seier vi at festivalkvaliaen er supervenient på dette settet S. Kva meinast so med denne salaten av ord som ingen har høyrt før? Jauv, lat oss fysst tenka oss at vi har/opplever ein festivalhendinga, til dømes korleis det kjennes idet du står og avleverer fluidum ved ein «rigg» eller kva det vil seia å tømme pilsner nr ni idet pønkeband nr tre for kvelden går på scena, og at vi kallar denne festivalhendinga Festivalhending F. At Festivalhending F er supervenient på eit sett med fysiske hendingar S, betyr at for alle F ved tidspunkt T må det eksistera eit sett S ved tidspunkt T som ligg til grunn for F, og at dersom F endrar seg til F1 ved T1, so må eitt nytt sett med hendingar S1 ligga til grunn. Det er og slik at dersom akkurat den same Festivalhendinga F skal intreffa på ny ved eit heilt anna tidspunkt, so må det sette S og intreffa. Bullshit seier du? Vel, tenk litt på det neste gang du ser på Star Trek, din nerd, og tenker for deg sjølv at den der beam-me-up-scotty teleporteren verkar sannsynleg nok den.

So der har de det. Det det vil seia å vera på Fres er å oppleva festivalkvaliaen, for det er denne kjensla som er det det vil seia å vera på Fresn. Korleis kjennest dette ut då? Kva kan vi seia? Det merkar du når du er der, i Fresvik, der tid/rom kontinuiteten er strekt til sitt absolutt tynnaste, med eit brygg i eine handa og jammen meg eit brygg i den andre handa og, frekke rockeband på den heilorganiske scena, ei generell lettsindig haldning til livet og ei heilhjarta overtyding om at detta e tha shit!


Suggestions for further reading:
Jaegwom Kim, 2006. Philosophy of Mind. Cambridge MA: Westview Press.

Festivalfilosof: Håvard Ese Eliassen
e-post: havard.ese.eliassen@fresn.com
Publisert 09.03.2008