Det aller mest grunnleggande du treng å vita om Fres Festival

  1. Fres Festival er ein musikkfestival som vert arrangert på garden Skau i bygdi Fresvik i Vik kommune i Sogn på vestlandet. Musikken spenner frå svartmetal til impro, men hovudvekta er på rock og pop.
  2. Alle som vil kan komma på Fres Festival, berre dei er myndige jamfør Norigs Lover.
  3. I billetten er alle konsertar, overnatting på campen samt komplimentert fjordbad inkludert.
  4. Du vil finne det glupt å ha med deg følgjande på Fres Festival.
    • Telt, til ovenatting.
    • Alt du treng for ei helg innan mat og drikke. OBSOBS! Fres Festival har ikkje sjenkeløyve. Derimot stiller vi med kommunal grill. Ta med kjøt!
    • Kontantar. Det er vanskeleg å få fat på kontantar i Fresvik, ta difor med nok cash til billett og ikkje minst til å sikra deg ei heilfrekk Fres T-skjorte eller anna nasty merch!
  5. Ein trygg Fres er ein god Fres. Ver snill og grei.

Er det ellers noko, sjå FAQ, kontakt festivalleiinga eller besøk Fresn-foruma.

P.S. Fres Festival er registrert i einingsregisteret som foreining, med organisasjonsnummer 991 284 303. Berre så de veit det…