SLIK KJEM DU DEG TIL FRESVIK!

Frå Bergen

Med buss/tog

Ta toget til Voss (billettar på Vy), og sleng deg med Skyss-bussen (rute 810) vidare over fjellet (avgang torsdag kl. 12:25 – sjå skyss.no. Heng i Vik (eit besøk på Ostebaren?) før du følgjer 811-ruta vidare til Fresvik.

Med bil

No snakkar vi framkomstmiddel! Set deg bak rattet og peik fjeset mot Åsane, Dale, Voss, Vinje, Vikafjellet, Vik, Vangsnes, Feios og endeleg Fresvik! Og kartet finn du her.

Frå Oslo

Med tog/buss

Ta tidlegtoget til Voss, hopp på buss 810 saman med bergensarane (sjå over).

Med bil

Her er kartet, der borte står bilen din. God tur, og køyr varsamt: Trygg Fres er god Fres!

Frå Stavanger/Trondheim/Tromsø/Halden/random norsk by

Pell deg til Oslo eller Bergen og sjå over.

Buss frå Vik/Vangsnes til Fresvik

Bussen til Fresvik heiter 811-ruta. Den brukar ca. ein time frå Vik til Fresvik og ca. 35 minutt frå Vangsnes til Fresvik.

Dag Frå Vik kommunehus Frå Vangsnes
Torsdag 15:45 16:05
Fredag 09:35 09:55
15:45 16:05
17:10* 17:40*
20:10** 20:25**
*Mot førehandstinging tlf. 41 57 08 15, innan kl 20.00 kvelden før
**Mot førehandstinging tlf. 95 95 61 27, innan kl 20.00 kvelden før

Korleis kome seg frå Fresvik

Kjem du med bil, les instruksjonane over baklengs.

Natt til laurdag og natt til søndag har Fres chartra ein eigen buss som går kl. 02.00 og køyrer mot Vik. Bussen kostar 250,-.

Treng du nokon å reisa med?

Dersom du treng ein reisekompis, meld deg umiddelbart inn i Facebook-gruppa Road Trip Fres! Der kan du treffe andre som er på ved til det sagnomsuste Fresvik!