JMM Beauregard

Lurer du på kva parafernalia du skal ta med deg på festival? Basert på årevis av festivalerfaring gir vi deg ti-på-topp-lista:

  1. Solbriller
    Du sit der i solsteiken og kan berre så vidt skimte Radio Fres-gjengen på scena? Då lir du kanskje av det problemet vi kallar for mangel på solbriller. Vi anbefalar eit par samanleggbare Wayfarers . Eller viss du har litt ekstra feriepengar att, og ynskjer å ta bøen med storm, kanskje Jaques Marie Mage (for ham) eller Andy Wolf (for henne).
  2. Dansesko
    Det er mange typar dansing på festival: Roleg svaiing i den bakre enden av publikum. Spinnvill moshpit foran scena. Og så under DJ-settet på kvelden: milly rocking, flossing, conga line, grinding og den heilt spesielle dansen du fann opp akkurat der og då. Ha gode sko. Superstars passar for alle.
  3. Telt
    Som vi har sagt før, anbefalar vi at du deler telt med nokon andre. Det er så koseleg. Berre hugs å spørje dei først. Personleg har vi god erfaring med Bergans Wiglo for 4 personar.
  4. Liggeunderlag
    Det går an å sove rett på bakken, men kvifor ikkje unne seg eit liggeunderlag? Heldigvis for deg har Fres forbrukartesta liggeunderlag tidlegare.
  5. Drikkeflaske
    Du treng ei drikkeflaske. Fyll ho med friskt vatn frå springen på kvelden og ha klar i teltet til du vaknar om morgonen. Akkurat det å finne ei drikkeflaske overlet vi til deg – dette klarer du sjølv. Berre pass på at ho ikkje er lekk.
  6. Nødladar
    Det er ikkje umuleg at du kan klare å finne ein stikkontakt som du får lov til å bruke for å lade mobilen din. Men kor mykje enklare er det ikkje om du tar med ein nødladar? I følgje produktomtalen, skal Anderson PRB 3.5 ha kapasitet til å gi telefonen din ti omgongar med fullading. Det bør vere nok til å halde eit rimeleg høgt tilstadevere på sosiale media frå torsdag til søndag.
  7. Regnklede og ein tjukk gensar
    Komman… vi bur i Noreg.
  8. Øyreproppar
    Så langt lageret rekk vil vi ha tilgjengeleg skumøyreproppar under konsertane. Men kvifor ikkje ta eit steg opp og skaffe seg nokon pluggar som er spesialtilpassa for konsertar? Stikk innom ein musikkinstrumentbutikk og få deg eit par kvalitetsproppar. Bonus: Du kan ta dei med i teltet for å blokkere ut uønskte lydar frå dei du bur i telt med (sjå punkt 3 over).
  9. Lommepengar
    Du kan ta med deg mat til festivalen, og vi stiller med gratis grillmoglegheiter. Men for å sette prikken over i-en på festivalopplevinga anbefaler vi at du tar med litt lommepengar til mat, drikke (på den lokale bui, så vel som på festivalen) og ikkje minst til sommarens eksklusive festivalmerch. Vi tar imot alt slags betalingar, frå gode gamle kontantar, via debet- og kredittkort til Vipps. Vår anbefaling er eit debetkort med personleg design frå Sogn Sparebank.
  10. Billett
    Du har postkassa rimeleg full av skjegg om du har skaffa deg alt frå punkt 1 til 9 over, og så står ved inngongen til festivalen assessoirert frå topp til tå, men utan billett. Heldigvis let dette seg fikse ganske lett, så lenge du er tidleg ute. Berre stikk over til våre vener hos Ticketmaster, så fiksar dei den biffen for deg.