Posts

Fres Festival trekk seg ut av Vålerenga!

Dramatikklaus Vålerengastopp for fotball-Kvalvik!

Det kom som ei stor overrasking at Magnar Kvalvik, betre kjend som programleiar i Radio Fres og som vokkis i Tim Fancy i dag kunne offentleggjera at han har vald å ikkje forlengja sitt samarbeid med Vålerenga sitt 4. lag, herre, senior. Dette kom nok sikkert som ei overrasking fyrst og fremst fordi folk ikkje visste at han spelte der i utgongspunktet, trass i at han no har lagt bak seg tre år i klubben. Etter spel i både femte, sjette og sjuande-divisjon, kunne Kvalvik opplyse under ein pressekonfernse i dag, fredag 23.mars, at han ikkje har signert ny kontrakt med klanaklubben.

– Eg vil komma media i forkjøpet med denne pressekonferansen. Før ord om misnøye spreiar seg, vil eg berre sei at avgangen min ikkje har noko med klubben si famøse signering av ho kaupadama å gjer.

Då signeringa av Kristin Vestreim vart kjend førre veke, var det nok ingen som spurte seg om ein årdøl og ei kaupadama kunne holda ut i ein og same klubb, ettersom ytterst få visste at årdølen var der allereie. Dessutan kom dei jo ikkje til å spela på same lag eingong, ettersom dei ulike kjønna set ein stoppar for slik ei miksing. Likevel låg det i lufta at det kunne oppstå ein viss konflikt.

– Det er ikkje min feil at klubben grev si eiga grav. Det er heilt greitt for meg at klubben hyra inn kaupinga, og det at detta øydelegg klubben sitt omdøme som stolt og usnobbete er ikkje grunnen til at eg gjev meg. Eg vil ynskja både klubb og kaupadame lukke til vidare.

Og med det avbles Kvalvik alle spekulasjonar om has misnøye med kaupadame. Det kanskje folk likevel har lura på, er om Kvalvik sin avtale med Vålerenga skulle gagna RadioFres i form av deltaking av den fotballradio-profilerte Freddy dås Santos. Men ein slik avtale har som alle RadioFres-kjennarar veit, ikkje funne stad til dags dato. Kvalvik avvis blankt at dette har vore has plan frå byrjinga:

RadioFres har då for pokker integritet. Å vedda om ølkasser og hårklipp med fotballspelarar, set eg ikkje noko radiofagleg signatur på.

Den sindige årdølen kan likevel stolt stadfesta at RadioFres vil halde fram med podcasting ei gong i veka fram mot festivalstart, og at det vert eit forrykande liveshow på CampStage den siste laurdagen i juli.