Posts

Den skal tidleg krøkast som god festivalgjengar skal bli! Gunnar Husabø sler eit slag for dei unge i distrikta?

Fres Festival med pedagogisk korrekt manøver! Djupedal i kataonisk tilstand av sjokk og beundring!

Antalet liter kaffi som vart sett i halsen skaut galant i været fredag føremiddag då nyheita om at Fres Festival kjem til å senda sitt mest betrudde leiingsmedlem som instruktør for Leikanger Skulemusikk sitt seminar til helga dumpa ned på dei ulike lunsjborda rundtom i administrasjons og eplebygdi. Sjeldan har ein sett slikt eit engasjement ansynes dei unge i bygdi blitt lagt for dagen. For mange vart dette nok eit signal om festivalleiinga si ekstreme tilpasningsdyktigheit og teft for langsiktig tenkning i samspel med kortsiktig handling og oppnåing av tverrfaglege delemål.

Nyhende har i skrivande stund ikkje lukkast å komma i kontakt med Roar Sandnes, dirigent for Leikanger Skulemusikk, men vi fekk pressa inn nokre kjappe spørsmål til ein moderat stressa Gunnar Husabø på flytoget.

– Er det slik å forstå at Fres Festival ikkje lenger er nøgde med å få dei unge og halvvaksne til Fresvik for øl, telt og musikk? Skal de no freista å lokka til dykk borna og?

– Nei for all del, vi er vårt ansvar bevisst og opererar etter dei lover og reglar for inntak av temperert pilsnerbrygg som til ei kvar tid er gjeldande for Fresvik og landet forøvrig. Lat det og væra sagt at vår eldste festivalgjengar ifjor hadde bikka åtti år og vel so det. (Heilt sant. Red anm.) Dette er heller snakk om å forvalta ein ressurs. Born av idag er festivalgjengarar av i morgon, og vi tykkjer det er av heilheitleg viktigheit å tenkja på morgondagens festivalgjengarar på deltakarsida sovel som på utøvarsida.

– Vil du med dette sei at Fres Festival sler eit slag for å halda på ungdommen i distriktet?

-So langt vil eg ikkje trekka det. Vi har jo trass alt ingen planar om å laga kaffibarar, som etter seiande er påkrevd for at ungdom i det heile skal vurdera å bu ein plass. Sjå heller på det som eit ledd i ein vertikalt integrert tankegang og der målsetjingar sovel som delstrategiar er formulert i eit språk som er ungdommens eige. Når alt kjem til alt er det dei unge som sjølv må velgje, vi skal berre syta for at rockebanda, grillkolet og dei soyafrie produkta står klar og ventar når dei kjem, sa ein frakkbekledd Husabø idet han hasta ut av flytoget i retning av næraste Narvesen for to flasker Olden med eit hint av bringebær og granateple.