Posts

Nedetid på fresn.com?

Observant festivaldeltakar varskua leiinga!

Det var mandag morgon inneværande veke at leiinga vart varskua om at fresn.com, sjølve sentralnervesystemet i Fresorganisma var nede for teljing. Eit medlem av leiinga mottok nemleg kl 09:29 mandag morgon følgjaande melding pr SMS: “fresn.com er dau”.

Den alltid djerve og dynamiske leiinga fekk denne meldinga sporenstreks overbrakt IT-avdelinga som i sin tur fekk kasta seg rundt. Det var ikkje lenge gått før Gunnar Husabø og hans skarpskodde disiplar ved IT-avdelinga hadde fått sida opp att å gå. Nyhende lukkast natt til tirsdag å få Husabø i tale.

– Det er klart at denne mandagsmorgonen vart noko meir stressande enn vanleg, men slik må ein og rekna med når ein skal drifta ei ung og dynamisk kunnskapsbasert ITorganisasjon med spanande arbeidsmiljeu samt karrieremoglegheiter for den rette, seier ein småstressa men klar Husabø på hustelefon frå Fres HQ, Skausgarden, Fresvik.