Posts

Leiinga svingar køllene

Dei viktigaste beslutningar vert tekne på golfbana. Som alle andre dynamiske næringslivsorganisasjonar er også leiinga i Fres Festival ute på golfbana for å diskutera taktikk, strategi og alle andre ting av viktigheit. Det var ein opplagd Per Christian Grov som pinsedag tok seg tid til ein jovial prat med pressa etter atten hol på golfbana på Grünerløkka, moglegheitenes bydel.

– Det er heva over ein kvar tvil at det er bak driveren og niarjarnet eg slappar best av og er som mest skikka til å ta mine mest dynamiske avgjerdsler, og dessutan ein skal aldri undervurdera verdien av ein overprisa v-halsa gensar, seier ein oppglødd Grov idet han senker ein birdie og endar opp med småpene fem under par i alt.