Innlegg

Tusen millionar takk for Fres Festival 2014

Fres Festival 2014 er over, og for ein Fres det vart! Vi vil gjerne få takke dei som har vore med og gjort dette festlege opplegget mogleg.

Først og fremst takk til Jon og Elisabeth som både stiller garden til disposisjon og jobbar utrøytteleg både før, under og etter festivalen! Vidare ein stor takk til Kaia, Mari og Trude, som knapt har fått tid til å setje seg ned heile helga.

Pål har, som i fjor, gjort ein fantastisk jobb backstage og styrt heile produksjonen frå scena med myndig hand, og Maren og Eirin har levert nydeleg mat til artistar og frivillige. Som den heidersmannen han er, har Bjørn fiksa opp i tenkjelege og utenkjelege problem som har dukka opp i løpet av helga.

Ikkje gløym at vi er ein musikkfestival: tusen hjarteleg takk til alle band og DJs som kom og leverte fantastiske show frå scena! Mykje takknemlegheit går også til Radio Fres med Kjartan, Endre og Kristin for to flotte live-radio-sendingar.

Ingen kosertar utan lyd og lys: tusen takk til Håkon, Martin og Hans for sight & sound av topp kvalitet.

Tusenar av takkar går også til alle dei frivillige som stilte som vakter, inkludert billettørane våre Ronja, Inga, Astrid og Ingrid. Vidare har vi fått stor hjelp til å bemanne billettbui og merchen frå Eldri, LivLiv Guri, Sæmund, Marte Sofie, Eilert, Tora og Mari.

Ein særleg takk til Eldri og gjengen som både riggar opp og nedatt byggegjerder, og i tillegg tek seg av panten! Med seg på laget hadde Eldri gjeng topptrente fresvikjer: Eline, Jonas, Silje, Bjørnar og Rakel, Rolf Eirik, Ruben, Sigbjørn, Dag Einar, Julie og Ratchaphon. I tillegg kom det ein liten militærtropp som hjalp til med rigging av gjerder: Espen, Erik Håkon, Fredrik, Jan og Seraphin.

Ein enorm takk går óg til Nann Ingunn og Fresvik Taxi som i år, som i fjor og alle år før, spanderte ein heil bråte med drosjeturar på oss og artistane våre!

Takk til Ronny, Ole Håkon og Vegard som bidrog med både trappesnekring og elektrokompetanse. Takk og til Astri og Jardar for lån av kjøleskap og generell godheit.

Rune, som køyrte milevis med artisttransport, og Goggen, som gir oss tilførsel av vatn med upåklageleg kvalitet, skal ha ein stor takk. Og som alltid har Grill-Kristian vakta over grillane med stødig hand, og på ein eller annan måte i tillegg fått tid til å fylle minnekortet med foto frå festivalen.

Tusen takk til Frøys hus, som har gjeve husvære til artistane, og til  Vikja, som mettar publikumet med kortreiste burgarar. Og takk for pengespons frå Fresvik Produkt, Sognekraft, Vik Elektro, Highsoft, Blix overnatting og Økonor, og for næringsmiddelspons frå Balder, Lerum og Synnøve Finden.

Ein ekstra og årviss takk til Stian og Fargerike for endå eit år med målingsspons og til Digital Etikett for å nok ein gong å ha laga megafine øletikettar.

Takk til Følid for levering av boscontainer, til og til Tony for å ta med brødrene Doom på båttur.

Vidare rettar vi ein stor takk til Vik kommune, Kulturrådet, Sparebankstiftinga, Vik Sparebank og Sogn og Fjordane fylkeskommune for generøse gåvetildelingar.

Sist men ikkje minst: tusen takk til alle festivaldeltakarar som kom og gjorde Fres Festival 2014 til den beste Fres nokon sinne. De er landets beste og mest velkledde festivalpublikum!!

Vi har sikkert gløymt nokon, det beklagar vi på det grovaste, send oss ein lyd om da til post@fresn.no.

Vyrdsamt
Lars Tore, Håvard, Gunnar og Per Christian

20140726_003953