Innlegg

Erstattar for Hegg på Stein

Det tok ltt tid, men leiinga har endeleg fått bekrefta bandet Links som erstatning for Hegg på Stein som avlyste rett før påske. Det var mykje glede å sjå då festivalleinga endeleg kunne annonsere erstatning for einamnnsgruppa Hegg på Stein onsdag føremiddag. Etter å ha høyrt på hundrevis av aktuelle kandidatar falt valget på rockegruppa Links.

Links er ein trio beståande av allereie kjente Fresfjes, og spelar uhøvla, vindskeiv rock, alt utført venstrehendt. “Det er jo verkeleg noko i det der med venstresida som kreativ kraft” ytrar bassist og talsmann Vegard Styve Loftesnes. Han har i ei årrekke samarbeida med dei to øvrige, Hegg-Lunde og Grov i band som Tim Fancy og LowBirdHigh. “Venstrehanda blir ofte gløymt, men me slår eit slag for alle dei født med denne abnormaliteten kalla keivhendtheit”.
Fresn åpnar begge armanane og ynskjer Links velkommen til årets festival.“”