Frå Bergen

Med båt

Pell deg ned på Strandkaiterminalen! Herifrå tek du morgonbåten frå Bergen til Vik. Frå Vik tek du bussen vidare til Fresvik. Velkommen!

Med buss

Bussen går frå Bystatsjonen – og sikkert frå mange andre plassar langs vegen frå Bergen til Fresvik óg. Bruk denne reiseplanleggaren til å finna fram til rutetidene.  For lokalbussruta mellom Vik/Vangsnes og Fresvik har vi laga ei eiga oversikt som du finn her.

Med tog

Dersom du på død og liv vil reisa med tog, så er dette faktisk mogleg.  Hopp på toget frå Bergen til Flåm. I Flåm smetter du ombord i båten til Vik. I Vik går du på bussen frå Vik til Fresvik.  Eventuelt, litt enklare – ta toget til Voss, og sleng deg med bussen vidare over fjellet (sjå over).

Med bil

No snakkar vi framkomstmiddel! Set deg bak rattet og peik fjeset mot Åsane, Dale, Voss, Vinje, Vikafjellet, Vik, Vangsnes, Feios og endeleg Fresvik! Og kartet finn du her.

Frå Oslo

Med buss

Buss kan du ta frå bussterminalen i Schweigaardsgate. Ein avgang går om kvelden og køyrer over natta til Fresvik, ein avgang går på førmiddagen og er framme i Fresvik på kveldstid. Her finn du rutetidene. Merk at dersom du tek avgangen som er på føremiddagen, så må du førehandstinge siste delen av turen (Vangsnes – Fresvik) på telefon innan kl 20:00 kvelden før avreise (we know!) Sjå oversikt over bussar frå Vangsnes til Fresvik.

Festivalfyr ventar på buss på skysstasjonen i Sogndal. Bussen går frå perrong 3.

Festivalfyr ventar på buss på skysstasjonen i Sogndal. Perrong 3 er der han går ifrå

Med fly

Wideroes Flyveselskap tek deg frå Gardardermoen til Haukåsen. Herfrå tek du flybussen, den går rett etter at chaffeuren har fått lempa bagen din frå flyet og over i bussen, til Sogdal Skysstatsjon. Frå Sogndal går det fleire avgangar i retning Fresvik – bruk denne reiseplanleggaren for å finna avgangstider.

Med tog

Hopp på toget frå Oslo til Flåm. Frå Flåm tek du båten til Vik. Frå Vik tek du bussen tilbake til Fresvik.

Med bil

Smell deg ut på Ring 3, gønn på til Sandvika og ta av mot Hønefoss. Hold deg på vegen (serr) og dur forbi høvesvis Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, be good or b’ Gund, til du kjem til Håbakken i Lærdal.

På Håbakken kan du enten ta til venstre og køyre Lærdalstunnelen, ta til høgre på Vinje og smella over Vikafjellet og vidare til Vik, Vangsnes og endeleg Fresvik. Her finn du kart til denne ruta – som vi har valgt å kalla Tunnellskaren.

Dersom du ikkje vil køyra Lærdalstunnelen, køyrer du rett fram ved Håbakken og kjem deg til ferjesambandet Fodnes – Manheller. Med ei svele innabords køyrer du so til Sogndal, ein forstad til Leikanger, og vidare ut fjorden til du kjem til nok eit ferjeleie: Hella – Vangsnes.

Ferjekai

Ferja legg til ved Vangsnes

Med svele nr 2 i buken vrenger du bilen hardt til venstre – og før du veit ord av det er du i Fresvik. Her finn du kart til denne ruta, som vi anbefalar på det varmaste til alle ferjentusiastar.

Frå Trondheim

Med bil

Køyr E6 i motsett retning av D.D.E. sørover til Otta (eventuelt ta den pittoreske snarvegen Sel-Vågåmo), køyr mot Lom og vidare over Sognefjellet (og nyt fjellandskapet ved Nord Europas høgaste fjellovergang – 1430 moh) til Luster. Hald fram til den pittoreske forstaden Sogndal og følg anvisningane i siste avsnitt av “Frå Oslo med bil” (over). Sjekk ut denne ruta på kartet.

Med rutegåande transport

Om du av ein eller annan grunn er svært glad i buss, kan vi anbefale nattbussen frå Trondheim kl. 22:30 onsdags kveld. Når du kjem frisk og utkvilt til Førde på morgonen, strekker du på beina og byter til 09:05-bussen mot Dragsvik. Ta 11:40-ferja over fjorden til Vangsnes. I Vangsnes har du tid til ein spasertur opp til den falliske Fridtjof-statuen før bussen til Fresvik går vidare kl. 16:00.

Frå Stavanger/Tromsø/Halden/random norsk by

Pell deg til Oslo eller Bergen og sjå over.

Korleis kome seg frå Fresvik

Kjem du med bil, les instruksjonane over baklengs. Kjem du med rutegåande transport, kan du ta bussen som er sett opp kl. 02:00 natt til søndag eller snøggbåten frå Fresvik på søndag. Book på booking@norled.no.

Bedre forslag?

Dersom du har forslag til bedre måtar å komma seg til Fresvik på, skriv dei gjerne inn i kommentarfeltet eller ein plass i fjeset vårt.