,

Fres testar liggeunderlag

Fres Festival 2016 nærmar seg med såkalla stormskritt, og det er på tide å tenkje på kva ein skal pakke med seg. Sjølvsagt er det mogleg å kome relativt langt på MacGyver-triks, men på den andre sida skal ein ikkje undervurdere det å ta ein tur på bui og rekvirere noko spesialdesigna utstyr.

Ein av dei mest essensielle delane av campingutstyret ditt, i tillegg til telt, sovepose, varme klede, pengar og godt humør, er liggeunderlaget. Det å ha med seg eit brukandes liggeunderlag vert av kjennarar rekna for å vere eit conditio sine qua non for å sikre ei god natts søvn. Og innanfor det breie feltet av ulike liggeunderlagsteknologiar tronar luftmadrasser over dei gamle polytenskumrullane og til og med dei magisk sjølvoppblåsbare versjonane.

Bestway luftmadrass – komfortabelt og billig

Så med det føremålet gjennomførte festivalarrangørane ein fire-netters stresstest av to ulike luftmadrasser, for å gi deg som festivalforbrukar det beste grunnlaget for å velje utstyr.

Nr. 1: Exped Synmat 183 x 52 x 7 cm

Med litt over 400 gram til 1200 gryn, er det ein rimeleg stiv kilopris for dette liggeunderlaget. Du bles det opp gjennom ein medfølgjande pose som du samlar luft i og klemmer inn gjennom ventilen. Ganske fancy, og det fungerte sånn nokolunde etter intensjonen. Madrassa var grei nok å ligge på – ho mista ikkje luft i løpet av natta, men var så tunn at ryggen vart aldri så lite mør morgonen etter.

Nr. 2: Bestway luftmadrass 185 x 76 x 22 cm

Her snakkar vi madrass! Denne er betydeleg tyngre og tek større plass i bagasjen. Men i oppblåst stand var det ein draum å ligge på ho. Heile 22 cm tjukkelse, mot konkurrenten sine 7 cm. Til liks med denne fekk heller ikkje Bestway-madrassa problem med lekkasje i løpet av testperioden.

På eit søk på Internett fann vi madrassa til 199,-. Men vi fekk kjøpt den til skarve 79 spenn på Europris.

Eit pro-tips er å kjøpe medfølgande luftpumpe, viss ein ikkje ønskjer å eksperimentere med den kvalmen og vertigoen som naturleg følgjer av å bruke dine eigne lunger til å fylle 300 liter med luft i madrassa.

Konklusjon

Er du fjellfolk kan det kanskje løne seg å tenkje på vekt og plassomsyn før du kjøper luftmadrass. Men om du hovudsakleg skal bruke den til festivalovernatting, er vi ikkje i tvil. Du klarer fint å kome deg opp Skausbakken med ei Bestway-madrass, og den vil sikre deg den mest komfortable overnattinga.

Og til sist — ikkje ver han løgningen som spring rundt heile campen med ei gigantisk elektrisk oppblåsbar dobbeltseng på desperat jakt etter ein ledig stikkontakt.