L’art pour l’art” (Théophile Gautier (1811–1872))

An expression of the belief that art has or should have no economic, social, political or religious functions, that beauty is its only purpose.

Popmusikken, og då pop som i sjangeren pop med sine enkle riffs, catchy melodiar og fine harmoniar oppå ein steady groove (takk, Wikipedia og det engelske språket), ikkje nødvendigvis definert av det som er populært (som i skrivande stund er Rihanna, Alicia eller Gaga) (elles ingen harme meint mot dei), men klassisk, velprodusert, gjerne naiv, popmusikk eller sommarpop om du vil, fortener, på lik line med jazzen, ei liste på fresn.no. Denne fylgjer her, men i motsetnad til jazz-lista vil fokuset verte på einskilde låtar, i staden for heile plater (tru til popens natur). Det viste seg også tidleg i skriveprosessen at fokuset ville verte på nittitals-pop, og ikkje på beat-musikk eller tyggegummipop frå 60-talet, truleg fordi underteikna ikkje vaks opp då. Nittitals-pop-lista omfattar også dei banda som ikkje innsåg at nittitalet var slutt og som heldt fram med å lage nittitals-pop inn på 00-talet.

Reglar når ein høyrer på pop er:

  1. Det er lov å skippe låtar. Til og med låtar av The Beatles.
  2. Det er lov å spole. Spesielt forbi gitarsoloar.
  3. Det er lov å vere forelska. Også i læraren.
  4. Ikkje ver flau. Pop er kitsch, derav namnet. If it feels good: do it.

Teenage Fanclub – Ain’t That Enough

Skottane ante vel knapt kva dei skulle vere starten på, og Lars Lillo Stenberg seier til og med i intervju med programmet ”Landeplage” at Teenage Fanclub hadde mykje av skulda for låta ”Neste Sommer”. Mange vil nok kunne hevde at bandet, med Norman Blake i spissen, var jordskjelvet som starta nittitalets popbølgje. Denne låta, sjølv om den er frå seinare i karrieren, er sumarstemning i nøyaktig 3 minutt og 43 sekund.

The Wannadies – You & Me Song

Slik ei jazzliste ikkje kan vere forutan Miles Davis, kan heller ikkje denne lista vere forutan svensk pop. Dei kan sine saker i Sverige, spesielt kva gjeld produksjon og meloditeft. Låta til The Wannadies fekk sitt store gjennombrot då den vart brukt i Romeo & Juliet-filmen som Leonardo DiCaprio spelte i. Som ein kan lese ut frå tittelen, er det snakk om kjærleik kva tema angår, og på under tre minutt har låten perfekt pop-lengd.

Tennis – Here Comes The Coastguard

Sumaren 2002. Denne låta. Mange gonger. Heile sumaren. Det vert sagt at dei hadde ein del flaks, ettersom låtar som hamna A-lista før sumaren forblei A-lista, fordi styret som avgjorde dette tok sumarferie. Bergensbandet samarbeida visstnok også med Bjørk Audio på Kaupanger, men gav berre ut ei skapleg plate, før dei fann på noko anna løge. Turnerte med Euroboys, og spelte i dette høvet på Meieriet ein eller annan gong. Jækla fin låt. Pompøs med blåsarar og greier. Almost jazz, huh?

Sugar – If I Can’t Change Your Mind

Ikkje for å vere sær, men denne låta burde alle vore bortpå. Eg veit at Frank Hammersland frå Pogo Pops er einig, fordi han ein gong hadde den med på pop-quizen sin på Skuret i Oslo. Minuset er at den ikkje finst på Spotify, men berre på Sugar sitt debut-album ”Copper Blue” frå 1992. Sjefen i Sugar var Bob Mould, frå før kjend som frontmannen i Hüsker Dü, eit alternativt rockeband som visstnok skal ha æra for ein heil del. Dette går det an å snakke med Magnar Sande om på Fres 2010. (høyr på YouTube)

Suede – Trash

Det er knappe månaden sidan eg såg at Bret Anderson, vokalisten i Suede, skulle spele solo på Parkteatret i Oslo. Eg reiste ikkje, men sette i staden på Trash då eg kom heim. Eg fekk singelen i si tid frå syskenbarnet mitt, og likte den ganske godt då. Etter ny-gjennomlyttinga likar eg den enno betre. Dei som har lese like mykje av Lise Myhre sin teikneserie Nemi som det underteikna har, vil ha fått med seg at hovudpersonen i nemnde serie ikkje er særleg begeistra for Suede. Ho om det.

Pogo Pops – Crash

Ja då, her kom dei. Pogo Pops. Starten på bergensbølgja(legg merke til den litt avhaldande haldninga). Men jo då, denne låta er veldig fin. Min favoritt av dei. Noko som overraska vokalist og låtskrivar Frank Hammersland den gongen eg sa det til han. Bandet nådde likevel aldri heilt opp, trass i ein Spellemann for plata denne låta er title-track til. Dei er med på lista fordi Frank Hammersland har ein viktig plass i norsk pop, ikkje fordi han aldri spelar feil på bass, går på do midt i ein konsert eller syng spesielt bra.

Ash – Burn Baby Burn

Det andre bandet frå dei britiske øyane på lista. Nord-irsk denne gongen. Favorittbandet til NRK Lydverket gjennom alle tider, høyrde eg dei seie på radioen ein gong. Ash har eit utal bra låtar, men ”Burn Baby Burn” blei valt fordi han har det engelske ordet for spedbarn i seg. Baby, eller beibi, som deLillos og kanskje også Sylfest Lomheim ville brukt, er ein klassisk pop-term som sidan popmusikken si spede byrjing har vore brukt som synonym for ”kjærast”.

Eurythmics – I Saved The World Today

Eg hadde gløymt at denne låta fanst. Eg håpar på ein måte at du som les dette også har gløymt den, fordi du kanskje kan få same opplevinga som meg, den gong eg høyrde den att på ”Politikern” i Oslo og blei forelska i jenta som jobba i baren, berre fordi denne låta kom på. Og litt fordi eg var full. Og det var Fernet-Branca si skuld. Trur eg.

Blur – Country House

Country House var nummer sju på ”Absolute Music 15”, og var nok også, forutan eksellente bidrag frå både Shaggy (Boombastic) og Robyn (Do You Really Want Me), hovudårsaka til at eg ynskte meg denne plata til jul. Eg skjønar framleis ikkje eit einaste ord av det han syng, men so er jo heller ikkje det naudsynt i popverda.

Gigolo Aunts – Where I Find My Heaven

Er det nokon som hugsar Dumb and Dumber filmen? Forutan å vere ein klassisk morosam roadtripfilm med Jim Carrey, hadde den eit fantastisk soundtrack. Eg hugsar ikkje kva scene denne låta var brukt i, men den involverte nok køyring av bilen som såg ut som ein hund. Det burde den.


Då står det berre att å ynskje alle ein fortreffeleg tur-retur Fresvik!

For fresn.no av evig pop-junkie Erik Grov

Publisert 13.6.2010

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar til Anonym Avbryt svar