Innlegg

Vil ha trygg Fres

Tryggleik vart eit sentralt tema på styremøtet i helga. Den daglege leiinga informerte styret om arbeidet med rekruttering av vakter, samt kontakten med myndigheitene. Det var i uvant urbane omgjevnader ved ein uteservering i Oslo styret sette seg ned laurdag for å diskutere innspurten mot festivalen, som finn stad i Fresvik den siste helga i juli. Det uavhengige nyhendeorganet Nyhende var til stades under møtet.

Etter orientering om vakthald, innkjøp, artistar og den finansielle situasjonen til festivalen, vedtok styret generelle retningsliner for arbeidet vidare.

Styreleiar Lars Tore Skau seier festivalen i år vil møte utfordringar knytt til auke i talet besøkande, og at dette gjer det naudsynt å sikre eit gjennomtrena vaktlag av høgste kvalitet. Han legg til at styret har full tiltru til at den daglege leiinga vil klare dette arbeidet.
-Vi veit at leiinga er profesjonell til beinet, og at dei vil greie desse brasane. Når vi ser kva utfordringar den daglege leiinga tidlegare har overvunne, er vi trygge på at dette vil gå som smurd. Vi i styret er også overtydde om at generalforsamlinga, som skal møte i juli, vil vere nøgde med planane for avviklinga av festivalen.

Han legg til at den raske informasjonsflyten og kunnskapsdelinga som foregår i foreininga er noko av nøkkelen til Fres festival sin suksess.
-Dei opne kommunikasjonslinene mellom styret, leiing og dei ulike underavdelingane har synt seg å gjere dette til ein av dei mest agile og transparente organisasjonane på sørsida av fjorden.