Merkelapparkiv: trevirke

Ustoppelege Ungdomskulen utfordrar underlaget!

Blant dei som var tilstades på minnefabrikken Fres Festival i 2009, gløymer vel få eller ingen den ekstremt feite avslutningskonserten på fredagskvelden: Ungdomskulen! Ikkje ein gong det velkonstruerte scengolvet kunne stagge energien som kom frå scena denne kvelden.

[FMP width="450" height="253"]http://www.fresn.no/wordpress/wp-content/uploads/large.m4v[/FMP]

 

Kære Fresgjest! Her kan du gjenoppleva den store augneblinken, også kjent som det store forsvinningsnummeret, då Ungdomskulen-trommis Øyvind Solheim går gjennom scenegolvet under ei legendarisk tolking av klassikaren Surfs up! Takk også til det elleville Frespublikummet som var med på å gjera kvelden til ein av dei mest legendariske i Frestoria.

No har altso du! moglegheita til å oppleva Ungdomskule på nytt; kjøp deg billett til årets Fres Festival! Vi har heldigvis forsterka scenegolvet med nye kevlarmatter med tanke på årets utgåve av Ungdomskulen.