Posts

Thaake bekrefta til Fres!

Bookingansvarlege i landet over ser seg om etter nye jobbar! Kun timar etter at sjokknyhenda om at rockarane i Tyyl tek turen til Fres slo ei nyhende med tilsvarande sprengkraft ned i innboksane til musikkinteresserte og andre. Torkjell Solbraa og bandet Thaake tek nemleg turen til Fres Festival 2007! Thaake består forutan Solbraa sjølv av indresogningar av det staute jordnære slaget som vi alle kjenner frå rundtom nåvi. Dei kan mellom andre skilta med supertalent, dog nyleg slaktoffer i kultublekka Sogn Avis, øvind Hegg-Lukte på trommer. Nyhende er ikkje kjende for å komma med overilte spådommar, men det syner seg at gjeldande konsenus i kulturredaksjonen er at dette vert ein meir enn minneverdig konsert.

Meir om Thaake på aristsidene.