øko-skandale

Skandaløse tilstandar på rockefestival i hovudstaden.

Frontlinjene i kampen mot økomaten spissar seg til. I ein artikkel på panorama.no kjem det fram at leiinga for øyafestivalen har bite på den tofuhyllande vegan-propagandaen og gjort knefall for økofascismen.

Festivalen, som ope innrømmer å ha framelska ein “økologisk profil” over fleire år, har etter det Nyhende har avdekka konspirert med Yoko Ono og dei økologiske femtekolonnistane i Oikos (interesseorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, red. anm), med det for auga å servere over 50 000 porsjonar med økologisk mat til intetanande festivalgjengarar.

- Dette er heilt klart ei mistolking av ytringsfridomen, og det er eit tungt steg tilbake i denne kampen vi har utkjempa over lengre tid, seier ein provosert, vonbroten, men kamplysten Per C. Grov frå Leiinga, over to munnfullar pølsegrateng i ei smakfullt innreia, om enn forsvinnande lita leiligheit på Grünerløkka (das Stadtteil des möglichkeiten).

På spørsmål om Fres Festival no føler seg pressa til å løfte på tofuforbodet, siterer Grov sjølvaste Winston Churchill:
- Det kan no sjå ut som vi står åleine i denne kampen, men eg trur vi i ettertid skal kunne kle oss i Churchill sine ord, og seie “Never in the field of human conflict was so much owed by so many to so few.” Som de sikkert skjønar kjem vi ikkje til å vika frå Manifrestes andreparagraf, som uomtvisteleg seier at det ikkje blir på tale med tofu på Fres. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Vi er då for svingande eit alternativ til alternative festivalar.

Fresvik Køntrifestival?

Leiinga er i samtale med to nye band, to køntriband. Tidleg mandag 8.mai kunne leiinga fortelje Nyhende at to nye band er aktuelle for årets festival. Utan å nevne navn seier festivalleiiar Skau;”"”"-Jo, det stemmer, me er i samtalar med to slike roots and køntrigrupper”"”".

Etter det Nyhende har fått høyre er det snakk om ein headliner og eit mindre band som vil spele på kvar sin scene. På spørsmålet om Fresn har skifta konsept ler Skau; “”"”nei, me held nok på ingen-tofu konseptet ei stund til.”"”"

Ettersom utvalget av køntrigrupper i indre sogn er lite om ikkje-eksisterande, synsar Nyhende at det kan vere snakk om gruppene “”"”Nashville Revisited”"”" og “”"”I lust for Luster”"”". Dette er på ingen måte bekrefta vil redaksjonen understreke. Konsertane vil truleg finne stad kvar sin dag, med opptreden på CampStage laurdag 29.juli.
Meir seinare.”"

Fres Festival på trygg ideologisk grunn.

Leiinga bekreftar sin filosofi etter reaksjonar mot Målrock i Årdal sitt ideologiske knefall. I kjølvatnet av at festivalleiinga i Målrock no må tåla bøttevis med grovmalt pepar i samband med at dei til årets festival har booka inn engelskspråklege band rasar no debatten, alle andre stadar enn på Fresforumet, om korvidt vi i år eller moglegvis i åra som kjem vil oppleva noko liknande frå Fresleiinga si side. Folk spør seg no om dersom det er mogleg at ein festival for band og artistar som syng på dialekt og nynorsk no bookar inn engelskspråklege acts, er det då mogleg at vi på Fres Festival kjem til å oppleva tofu, soyamjølk eller produkt frå Sunkost? Andre igjen spør seg korvidt dette berre er eit utrykk for generell dårleg moral og manglande emne til å kunne stå for det ein faktisk står for blant festivalarrangørar i Sogn indre.

For å roa det heile ned eit par grader valgte leiinga i Fres Festival natt til onsdag å kalla inn til ei ekstraordinær pressekonferanse for å orientera, sovel som å opplysa, ålmenta generelt og festivaldeltakarar spesielt.

- Det er klart vi no føler presset, når vi ser andre festivalar felle sine ideologiske lauv frå treet dei kallar ein festival. Men vi i Fresn veit at utan lauva fungerar heller ikkje stammen. Det er med dette in mente at leiinga no vil gå ut å garantera for at til dømes soyabasert Fresmerch aldri vil verte å sjå. Vi vil og avstå frå å booka inn band som spelar på tofu, seier ein tydeleg pressa men fatta festivalleiar Lars Tore Skau til det store presseoppbodet.

På spørsmål om korvidt Fres Festival også er iferd med å mista sitt moralsk fotfeste svarar Per Christian Grov frå festivalleiinga følgjande; – I og med at Fres Festival er ein festival fullstendig blotta for moral finn vi denne særs vanskeleg å undergrava denne.