Posts

THE EAGLE HAS LANDED!!

Fresviks desidert frekkaste festivel er eit faktum. Det vart to dagar til ende med musikk, grilling, telt og semikaldt pilsnerbrygg på hordane av fresviker og tilreisande i solsteiken på Skausgarden i helga.

Den ståande musikalske buffeten besto av hors douerves som Ola Skarstein Tennes og Glen Oak Community Service, frå koldtbordet var det servert godbitar som Bombeklüchter, Tennessee Toombstone, Vulva og Roadkill, av varme hovudrettar kunne publikum leska seg med snadder som Emancer, Tim Fancy, Lommehund og ikkje minst arkefrekkisane i Båååv! Og frå musikkens dessertbord; Flabbergasted frå Los Angeles.

Det var ei smått slita men og letta festivalleiing som tok seg tid til ein prat med pressa frå berget av tomgods søndags føremiddag, dagen etter slaget på Skusgarden

-Phuuu. Jau vi er slitne no, men samstundes svært glade for det ekstremt bra oppmøtet, ja, og ikkje minst det fantastiske været som Fresvik nok ein gang la for dagen. Det befestar nok ein gang Fres Festival sitt credo, Det er alltid godt vær på Fresn!, seier ein småsvett Festivalsjef Lars Tore Skau.

Kva var festivalens høgdepunkt?
– Oi. Vi har jo eit vell og ta av, men Radio Fres som gjekk på dagen laurdag var for meg eit høgdepunkt av jovialitet. Og naturlegvis, alle banda var ei fryd. Når det gjeld tilbakemeldingar frå publikum fekk eg intrykk av at det heimasnekra pissoiret med utsikt til den høgt utadanna Syrstrondsbygdi var ein høgdare av dei heilt heilt sjeldne.

Og det praktiske rundt arrangementet har gått smertefritt?

I all hovudsak ja. Folk oppførte seg eksemplarisk. Det einaste tilfellet eg kan påpeika er at det vart observert ei soyapølse på grillen samt ei flaske økologisk ketchup på campen. Desse vart til alt hell kverrsette og oversendt heimevernet for demolering. Men sopass lyt vi tole, seier ein oppglødd Lt. Skau på intercom frå hovudscena.

Og dermed gjekk teppet ned for Fres Festival 2006.

To be continued…