Posts

Fres to the rescue!

Skuffa Quart-deltakarar slepp gratis inn på Fres Festival!kvart Etter at Quartleiinga for nokre dagar sidan innsåg at det ikkje er mogleg å betala for sjel, og med det måtte legge ned heile båten, har enkelte andre festivalar i landet tilbudt dei som har kjøpt festivalpass for Quarten å få byte desse vederlagsfritt i festivalpass for sine respektive festivalar. Fres Festival i Fresvik, Sogn Indre, er sjølvsagt ikkje noko dårlegare, og seint seint tysdag kveld vart det klart at også dei kjem til å tilby folk med festivalpass til Quart "festivalen" gratis inngang. Personar med festivalpass til Quart treng berre framvise desse på billettkontoret, det vil sei i grinda på Skausgarden, midt i beste Fresvik.

Nyhende kunne som einaste nettbaserte og paripolitisk uavhengige nettmedium rapportera direkte frå festivalleiinga si ekstraordinære pressekonferanse på Verftet i Bergen.

– Lat det væra sagt, vi tykkjer først og fremst at det er synd for det norske folk at dei ikkje lenger kan reisa til Kristiansand ein gang i året for å oppleva kvitbebelta pannebandsbærande bærumsungdom på sossefylla, samt konkurrera i sponsor-freebie konsum. Vi vil derfor freista å gjera det vi kan for å letta på dette tapet. Alle som kan framvisa festivalpass for Quart, altso det som gjeld for heile festivalen og som ikkje er eit festivalpass som er skaffa via sponsor og bedriftsavtalar, kan byte dette i eit festivalpass for Fres Festival, sa Gunnar Husabø og Lars Tore Skau frå leiinga meir eller mindre i kor.