Posts

Bjella presse

Stein Torleif Bjella

Dei tause menns talsmann!

Det er nesten ikkje til å tru at det er sant. Sjølvaste Stein Torleif Bjella tek turen like frå Øvre Ål til Skau for å fortelja om sitt. Han må meir enn gjerne presse seg på, ta seg ein tur for å fortelja om sitt, for Stein Torleif har i løpet av tre album – Heidersmenn 2009, Vonde Visu 2011 og Heim for å døy 2013 – verkeleg teke steget opp til å bli landets ubestridte konge av countryviser og eksitensiell melankoli.

Ikkje sidan, vel, ikkje sidan nokon gong, har ein norsk artist levert så presise og djupegåande sklidringar av livets feilskjer, vindskeive skjebnar, og det underlege rurale saknet som pregar fråflyttingstruga bygder. Visene til Stein Torleif er alle reiser til ein stad der grusvegane er ekstra støvete, granfelta ekstra tette og der den uforklarlege kombinasjonen av heimlengt og sjølvforakt alltid lurar like om hjørnet.

Klar for å få med deg Bjella du óg? Kjøp billett til Fres  14 no!

Ikkje berre har publikum trykt Stein Torleif til sine bryster, også kritikarane har lagt sin elsk på denne skjeggemannen frå Ål: Rikskringkastinga si ungdomssatsing trilla høge kast for fjordårets Heim for å døy, og det same gjorde hovudstadsavisa Blabladet. Vonde Visu vart i 2011 krona med Spellemannspriså i kategorien viser.

Det er å anta at Skausgarden og Fresvik kjem til å gjer musikken til Stein Torleif Bjella den mest velpassande ramma den nokon gong har blitt framført i. Det er all grunn til å forventa at dette vert ein av dei mest spesielle konsertopplevingane du kan få med deg på Fres Festigval 2014. Kanskje den mest spesielle i heile  festivalen si bjellaaktige historie.

Vi er heilt latterleg stolte av å kunna presentera: Stein Torleif Bjella. Take it away!

Sjekk ut meir Stein Torleif på Spotify!
Følg Stein Torleif på Facebook vel!