Posts

Nytt statistikksjokk!

På fredag vart FOS 2/2006, den andre offisielle statistikkmeldinga frå FresSB publisert. Det viser seg no at festivalleiinga kan ha haldt tilbake opplysingar frå ålmenta.

Berre den første delen, som omhandla kor mange band som har opptredd på festivalen, vart publisert. Av enno ukjende grunnar vart den andre delen av artikkelen, som omhandla publikumsoppmøtet ikkje teke med på nettsidene. I ein lite overbevisande provisorisk pressekonferanse på ein pratekanal på IRC, forklarte IT-avdelinga det som “eit hendig uhell”. Då FresSB gjorde IT-avdelinga merksame på feilen, vart artikkelen oppdatert i sin fullstendige versjon.

Det har likevel dukka opp spekulasjonar om handteringa av saka eigentleg er ei tåkelegging av tilhøva rundt Fres 06. Ei anonym kjelde meiner IT-avdelinga medvite har haldt tilbake den andre delen av artikkelen for å minimere skadane denne saka kan påføre organisasjonen. Den anonyme kjelda peikar samtidig på dei svært tette banda mellom festivalleiinga og IT-avdelinga.

Mistankane om at det har føregått snuskete spel i korridorane vert styrka når ein ser at FresSB eksplisitt peikar på manglar ved leiinga si handtering av saka:

“FresSB råder ledelsen i Fres Festival til å gå årets angivelige festival nøye etter i sømmene for å se hvor det glapp rent organisatorisk.”

Ingen representantar for leiinga var tilgjengelege for kommentarar.