Innlegg

Radio Fres rides again!

Frekt radioshow ein gang midt på dagen! Laurdagen altso, presiserar ein oppglødd Gunnar Husabø frå festivalleiinga. Vår eigen Nyhende-redaksjonsassistent kunne idag stadfesta at RadioFres-guru Mochamba Kvalvik visstnok skal halde radioshow den fyrste laurdagen i den siste helga av juli, ein plass ikkje så langt frå hovudscena til Festival Fres.
– Det er ikkje så langt frå hovudscena, nei. Det er på den scena som visstnok skal vera ei slags pauseunderhaldningsscena mellom konsertmarathonane inne på festivalområdet, seier assistenten vår at Kvalvik har sagt.

Assistenten mimrar attende til radioshowet i fjor, og hikstar og ler for seg sjølv når kjem på det svært varierande innhaldet med dans, leik og moro. Men i vår assistent sin samtale med Kvalvik utpå kvelden torsdag, skal sistnemnte visstnok ha vorte halvhissig etter eit par timar med diverse alkoholkrevjande leikar;
– Dette vert nisjeradio. Det vert stilt kriterium til vårt publikum, som kan ryka og reisa viss dei: 1. har ledd av Tommy Steine, 2. meinar Facebook har hatt sterkare innflyting på verda enn Fraglane, 3. synes Lost er betre enn Kalle Klovn. Ellers er kven som helst velkomne til å oververa detta showet. Til og med jenter, skal Kvalvik ha sagt.

Assistenten vår ynskjer å syne for alle at han kan delar av den frekke Kalle Klovn-låta:

Kalle Klovn, Kalle Klovn
er en artig liten pode som har mye rart i hodet
åh Kalle Klovn (Kalle Klovn), åh Kalle Klovn (Kalle Klovn).
Han dro til sjøs og sovnet og lot båten følge strømmen
Og når han våknet opp så han en øy, var den en del av drømmen?

Så er spørsmålet: Var øya ein del av draumen?
– Nja, skal Kvalvik ha sagt. Eg trur nok ikkje det var nokon draum. For han Kalle kan gjera det mest utrulege, og det at han enda opp på ei aude øy er nok ikkje utenkjeleg. Ein gang måla han eit skip med kvit måling, endå skipet allereie var kvitt. Hehe.

På spørsmål om sidekick-Salte skal vera sidekick-Salte i år som i fjor, skal Kvalvik ha replisert at sidekick-Salte alltid vil vera sidekick-Salte i år som i fjor.