Posts

Radio Fres ekspanderar! Igjen!

RadioFrescast

RadioFrescast

Frekk nattsending frå endå frekkare radioteam!

Etter å ha lagt bak seg fire særs velukka pod cast sendingar, går no den jovilale gjengen bak Radio Fres på lufta live for å bringa deg relevant festival informasjon, kontinuerleg måljustering og kanskje til og med frekk musikk med vrengpedal og attitude. Dette vil bli sendt over det som Radio Fres general Magnar Pierre Kvalvik omtalar som Oslo sin mest habile radiokanal, Radio Nova.

Sendinga vil gå på lufta natt til førstkommande fre(s)dag frå kl 00:00 midnatt og ut i dei små nattetimar. Dei som måtte befinna seg i Oslofjørao på dette tidspunkt kan med andre ord tune inn på fm 99,3 og føla seg rett som heime. Dei som meinar at det er noko merkeleg at Radio Fres vert sendt på ein lokalradio i Oslofjørao kan redda dagen sin, eller natta, ved å klikka på ein av linkane dei finn på denne sida, og med litt hell få ein livefeed med frekk radio rett inn i datoren.

– Detta bli god radio, melder ein sjølvsikker Kvalvik i ein hemmelegstempla faks.