Tag: program
Programmet er offentleg!
av Gunnar den 26/07/2010, i kategori Artistar 2010, Leiinga informerer
Programmet er no tilgjengeleg for den nyhendehungrige ålmenta. Som oppvakte lesarar kanskje har registrert, har dei fleste av artistane vorte presenterte tidlegare. Unntaket er wannabe-pønk-bandet Bombeklüchter, som i år — som i fjor og åra før — er første band ut på fredag. Med ikkje reint lite glede og stoltheit presenterer vi det mest heilstøypte programmet i festivalen sin seksårige historie.
årets Fres-program er klart!
av Gunnar den 21/07/2008, i kategori Artistar 2008, Fres 2008
Utan blautkake, men med ein stor dose høgtidelegheit, presenterte Fresn-leiinga i dag programmet for årets festival. Dei fleste artistane er allereie presentert på nettsidene, men no kan ivrige festivalgjengarar altså notere inn på PDA-ane sine (med reminders, må vite) når dei må infinne seg på Skau, midt staur i Fresvik, for å sjå artistar som bl.a. Canoon, The Barrels, Tyyl! og Monica Eide. Diverre måtte leiinga samstundes melde om at to band har avlyst turen til Fresvik. Dette er The Big Almost og Rubini.
- Synd for dei, men då får vi litt meir tid til å grille, seier ein oppglødd festivalgjest.
.
Program for Fresn
av Gunnar den 31/07/2006, i kategori Artistar 2006, Fres 2006, Leiinga informerer
Her kjem programmet for Fresn 2006 Fredag åpnar Bombekl?chter klokka 17:20, følgt av Links, Steinhard, Erik Myhr, Tenesee Tombstone.
Hovudatraksjonane på kvelden er Tim Fancy, Creutzfeld Jakobs og Emancer
Laurdag spelar mellom anna Roadkill og Vulva tidlegare på dagen, før Joe Labor, Lommehund og Bååv avsluttar kvelden.
(med atterhald om endringar)

