Posts

Endeleg ny profil

…og vi snakkar ikkje bilfelgar her. Nei, vi snakkar om den nye Fresn-heimesida (http://www.fresn.com), som såg dagens lys i kveld i 22:30-tida. På framsida kan den nye spreke logoen – GrooveArt (c) – nytast til fulle.

Du kan også lese ferske nyhende om vår utsendte Afrikamedarbeidar, og sjølvsagt kan du gå til vårt gamle, kjære Forum og diskutere brennheite tema kring musikk, konspirasjonsteoriar og norsk språkpolitikk.

Ein del sider er midlertidig tekne ned for oppfrisking og puss, men vi vonar de snart skal kunne nyte fresn.com til fulle, som den kjelda til infotainment den skal vere.

And lest we forget… Det vert Fres 2007!

Dette var ei melding frå IT-avdelinga.