Innlegg

Bombeklüchter opnar Fres Festival 2012!

,

Nok ei mirakuløs booking frå Fres Festival 2012

Natt til tirsdag vart det klart at den uavhengige musikkfestivalen Fres Festival i Fresvik har booka det legendariske pønkebandet Bombeklüchter. Bombeklüchter er booka inn med tanke på å gje festivalen den ooomph!-opninga den fortener. Dette vert sjuande gong Bombeklüchter legg turen innom, og dei er med det det einaste bandet som har spelt på SAMTLEGE utgåver av Fres Festival. Dette gjer dei garva tregrepspønkarane frå Systrond til potensielle verdsrekordhaldarar, og det er å venta at lensmann so vel som representant frå Guiness kjem til å stilla opp slik at verdsrekordforsøket vert godkjent.

Bombeklüchter er kjende nesten ingen plassar, og dei var i lag med storheiter som Båååv eit av dei toneangivande banda i den pulserande Sognapønk-scena på Leikanger på midten av 90-talet og utover 2000-talet. Med hits som Jaraokar! og Andra vikao no! har Bombeklüchter herja relativt få plassar rundtom i det ganske land.

Fres Festival gler seg villt til årets opningsshow.