Posts

Bombeklüchter opnar Fres Festival!

Nokre band har tydelegvis klyppekort på Fres! Speklulasjonane om at bookingavdelinga so vel som leiing for Fres Festival i Fresvik er korrupt like inn til skrotum vart ikkje noko mindre då det natt til søndag vart kjent at trioen Bombeklüchter frå den høgt utdanna systrondsbygdi kjem til å væra fysste band ut på årets Fres. Rykta vil nemeleg ha det til at opptil fleire av medlemmane i nemnde band til dagleg sit både i leiinga og i bookingavdelinga til Fres Festival. Dette, i lag med at Bombekluchter med dette vil væra det einaste bandet i verda som har spelt på samtlege utgåver av Fres Festival, har gjeve rikeleg med bensin på grytebålet. Leiinga var søndag kveld ikkje tilgjengelege for kommentar, men etter det Nyhende kan erfara herskar det generell einigheit om at korrupsjon er ein bra ting, og at Bombeklüchter med litt hell kan greie å gje ei frekk opning av festivalen.

Sjekk ut Bombespacen her

Nytt band bekrefta!

Kaosgenerator kjem til Fresvik med ein diger pakke deng! Natt til Laurdag vart det altso kjent for leiinga at den eminente bookingavdelinga etter månadsvis med knallhard jobbing endeleg har fått det ekstremt garasjefrekke bandet Kaosgenerator til årets Fres! Leiinga, som alltid er ute etter å prioritera handling framfor tomt prat, kasta seg dermed rundt og kalla inn til ein blazer og hornbrilleprega pressekonferanse på Litteraturhuset i O-fjørao.

-Kva kan vi forventa oss av eit band som Kaosgenerator? Er det ikkje slik at dei spelar ekstremt pønkete pønk?

Eit vanskeleg spørsmål, Kent, men eit rettferdig spørsmål. Vi kan forventa oss pryl av Kaosgenerator, men det føler vi alle at vi har fortent. Og jau, dei spelar pønkete pønk, men det føler vi og at vi har fortent. Dermed vert alle nøgde, og det å oppnå so høg grad av nøgdnad er ein aktivitet som er slik at leiing held den for verdifull, seier ein fokusert Gunnar Husabø idet har jekkar ein grøn Farris og undrar på kor vansksleg det eigentleg er å dryppa ein dråpe lime ned i kvar jævla flaske på den måten.