Posts

Klagemur klare for Fres Festival!

Bookiwooki! Bookingavdelinga på seriøs win streak! I kjølvatnet av nyhenda om at jovialgeneral Ola Skarstein Tennes tek turen til Fres Festival kom det torsdag føremiddag nærmast som eit sjokk at nemnde Tennes og kjem til å ta med bandet Klagemur til nemde festival. S Tennes er gitarist og vokalist i Klagemur som i følgje Tennes sjølv spelar frekk triopoprock spesialdesigna for korpulente menn midt i 20åra. Tennes lovar eit heilsensuelt show som utan tvil også vil egga kvinnelege festivaldeltakarar midt i 20åra. Nyhenede ser fram til høg barisfaktor når Klagemur entrar scena på Skausgarden siste helga i juli 2007.

Ola S Tennes vitjar årets Fres!

Bookingavdelinga gjer det igjen! Medvinden verkar for å væra utan ende for bookingavdelinga på Fres Festival på Skausgarden i Fresvik. Siste skot på lineupstammen, som etterkvart tek til å minna meir om den på Skrivareiki, er Ola Skarstein Tennes, jovialiteten sitt kjødlege manifest. Det var natt til onsdag at denne nyhenda slo som ei trivselsbombe av oppenheimerske proposjonar. Som eit av dei særs få gravande nyheitsogana i Fresvik lukkast Nyhende onsdagsmorgon å få klemt ein kommentar ut av ein uvanleg morgonfrisk og sedvanleg jovial Ola S Tennes:

-Dette blir brillefett!

Lite eller ingenting tyder på at det vert noko anna. Ola S Tennes vil verte å oppleva i samband med det som utan tvil vert eit heilfrekt RadioFres show siste laurdag i juli 2007. Dei som ikkje greier vente so lenge kan sjekka ut Ola sin frekkaskropp på Myspace