Posts

Leiinga sonderar terrenget!

Vill bransjing då leiinga for Fres Festival vitja Oslofjøra og klubben Blå på utkikk etter potensielle fresartistar.

Visittkorta sat ekstra laust, og sjampisglasa var ekstra høge då Gunnar Husabø og Per Christian Grov frå leiinga i Fres Festival 2007 var på minifestival med det joviale vriompeislabelet Metronomicon Audio natt til fredag. Leiinga fekk med dette sjå det beste av kva hovudstaden har å by på av undergrunnsband. Ved det som på ein måte må kunna kallast eit lukketreff fekk Nyhende pressa inn ein liten prat med dei ellers so lyssky leiingsmedlemmane.

– Det er klart at eg snart lyt komma opp med ein ny måte å starta setningane mine på. No har eg trass alt byrja nesten alle svara mine med orda “det”, “er”, “klart” og “at”, noko som eg meinar er mogent for utskiftning til fordel for ei meir dynamsik og bimedial ordsamansetting. Når det er sagt vil eg berre få sei at det er utruleg kjekt å væra her på Blå og sjekka ut ny og fresh musikk samt henga ut med bransjefolk av same kaliber som mitt eige, seier ein avslappa men fokusert Grov idet han deler ut endå eit visittkort og slepp eit importert jordbær ned i sjampanjeglaset.

Attmed Grov står partner in festival crime, Gunnar Husabø, og sippar refelktert på ein gin-tonic.

– Eg må sei, eg hadde egentleg føretrekt eit eller anna smakssett vatn med kolsyre å drikka, men sidan dette ikkje er ein pressekonferanse får det gå for denne gang. Ceteris paribus, dette er frekt arrangement med laus snipp og same mangel på pretensjonar som vi oppelskar i Fresvik siste helga i juli, og eg ser fram til å kunne utveksla erfaringar, nøkkelkompetanse og ressurspersonar med gjengen i Metronomicon Audio, seier ein dagleg, men smart, antrukken Husabø idet han tømer drinken og som nappa ut frå ein ambassadefest snappar til seg ein ny sjampis frå eit passerande brett.

Dei to glade gutane frå leiinga fekk med seg frekt kredible band som Pil Emil, Hanny, Magnus Moriarty, Koppen og Now We`ve Got Members. Det er i skrivande stund ikkje kome på det reine korvidt nokon av desse banda vil verte å oppleva på Fres 2007, men etter seiande skal det væra gode moglegheiter for at saxofonisten til Koppen vil verte å oppleva i ein eller anna konstellasjon til sumaren.