Fres Festival trekk seg ut av Vålerenga!

Dramatikklaus Vålerengastopp for fotball-Kvalvik!

Det kom som ei stor overrasking at Magnar Kvalvik, betre kjend som programleiar i Radio Fres og som vokkis i Tim Fancy i dag kunne offentleggjera at han har vald å ikkje forlengja sitt samarbeid med Vålerenga sitt 4. lag, herre, senior. Dette kom nok sikkert som ei overrasking fyrst og fremst fordi folk ikkje visste at han spelte der i utgongspunktet, trass i at han no har lagt bak seg tre år i klubben. Etter spel i både femte, sjette og sjuande-divisjon, kunne Kvalvik opplyse under ein pressekonfernse i dag, fredag 23.mars, at han ikkje har signert ny kontrakt med klanaklubben.

- Eg vil komma media i forkjøpet med denne pressekonferansen. Før ord om misnøye spreiar seg, vil eg berre sei at avgangen min ikkje har noko med klubben si famøse signering av ho kaupadama å gjer.

Då signeringa av Kristin Vestreim vart kjend førre veke, var det nok ingen som spurte seg om ein årdøl og ei kaupadama kunne holda ut i ein og same klubb, ettersom ytterst få visste at årdølen var der allereie. Dessutan kom dei jo ikkje til å spela på same lag eingong, ettersom dei ulike kjønna set ein stoppar for slik ei miksing. Likevel låg det i lufta at det kunne oppstå ein viss konflikt.

- Det er ikkje min feil at klubben grev si eiga grav. Det er heilt greitt for meg at klubben hyra inn kaupinga, og det at detta øydelegg klubben sitt omdøme som stolt og usnobbete er ikkje grunnen til at eg gjev meg. Eg vil ynskja både klubb og kaupadame lukke til vidare.

Og med det avbles Kvalvik alle spekulasjonar om has misnøye med kaupadame. Det kanskje folk likevel har lura på, er om Kvalvik sin avtale med Vålerenga skulle gagna RadioFres i form av deltaking av den fotballradio-profilerte Freddy dås Santos. Men ein slik avtale har som alle RadioFres-kjennarar veit, ikkje funne stad til dags dato. Kvalvik avvis blankt at dette har vore has plan frå byrjinga:

-RadioFres har då for pokker integritet. Å vedda om ølkasser og hårklipp med fotballspelarar, set eg ikkje noko radiofagleg signatur på.

Den sindige årdølen kan likevel stolt stadfesta at RadioFres vil halde fram med podcasting ei gong i veka fram mot festivalstart, og at det vert eit forrykande liveshow på CampStage den siste laurdagen i juli.

Fresn sikrar viktig innflytelse i idrettsnoreg!

Kristin Vestreim går frå Kaupanger til Vålerenga! NFF i sjokk!

Det var fredag ettermiddag det vart klart at Kristin Strikkavestreim, kjent frå band som Tennessee Toombstone, evige Vulva samt som seniorkonsulent i Kafresn, vart klar for spel for tredjedivisojnsklubben Vålerenga. Vestreim gjekk frå Kaupanger som Bosman spelerske. Dette til trass for at det vidgjetne overgangsvindauge for ida er stengt, noko som gjer denne nyheita endå meir sensasjonell enn den allereie er.

Det skulle ikkje gå lange tida før kaffi sette seg i eit utal halsar over den ganske Kaupangerskogen då denne sportsnyheita lak ut fredag ettermiddag. Folk stilte naturlegvis spørsmålet om dette var eit teikn på at Vestreim no har selt si sjel til dei pompøse kontorurbanistane inni Oslofjørao. Som følgje av Kristin Vestreim sitt intime forhold til Fres Festival, som seniorkonsulent i Kafresn, såg den alltid tilpasningsdyktige Leiinga seg nøydde til å kalla inn til ekstraordinær pressekonferanse tidlegare idag.

-Neineinei! Dette kan på ingen måte takast til inntekt for at Vestreim har solgt ut. Vi hadde ein lenger prat med Kristin tidlegare idag, og ho forsikra oss gang på gang inntil det kjedsommelege at Kaupanger er klubben i hennar hjarte og at dette kun må sjåast på som ein karriermanøver av det heller frekke slaget, sa ein lett jetlagga Lars Tore Skau på faks frå ei øy ein eller plass mellom Japan og den russsiske kystlinja.

Fres på Myspace

Leeiinga og Rupert Murdoch kom endeleg til einigheit.

Det var seint på ettermiddagen onsdag at leiinga for Fres Festival 2007 omsider takka ja til å ha ei side på etterkvart so famøse Myspace.com. Sida var ikkje før komt opp før dei breie lag i folket sette ymse drikkar i halsen idet dei tolka dette som at leiinga har gjort knefall for storkapitalen, opna opp for soyaprodukt og stengt att for øl, telt og rock. Det var med dette in mente at leiinga nok ein gang prioriterte handling framfor styremøte og kalla inn til pressekonferanse.

-Det er klart at alle våre svar til pressa opnar med orda “”det er klart at”", men utover det vil vi berre få påpeike at denne myspace sida kun vil være til glede og informasjon for festiavalgjengarar over heile verda, opna ein velkledd Per Christian Grov.

-Jepp. Eg kunne neppe sei meg meir einig, Grov. Vi har sagt det før og vi seier det meir enn gjerne igjen. Vi forheld oss til Manifrestet, og det er heilt klart på dette punktet; det vil ikkje verte høve til å eta eller oppbevara tofu på Fresn, avslutta ein velartikulert Gunnar Husabø frå festivalleiinga idet han bankar innpå fire San Pellegrino naturell av upåklageleg kvalitet.

For å verte informert om Fres Festival 2007 klikk heeeeeeeeeeeeeeer.