Innlegg

Leiinga i media – del 2

Faksimile frå D2

Faksimile frå D2

Det var ikkje så reint få i kultur- og medienoreg som sette morgoncortadoen i halsen då dei opna eit sårt etterlengta og plettfritt formgitt D2 og konstanterte at ingen ringrevare enn Lars Tore Skau pryda ei av dobbeltsidene.

Mange har hevda at det er på høg tid at ingeniøren, systrendingen, tusenkunstnaren, medmennesket og festivalarrangøren Lars Tore bør verta tilgodesett spalteplass i landets mest kjøkkeninteriørorienterte helgemagasin. Desse kan no endeleg ta fatt på vegen til bladkiosken og plukka med seg dagens DN, nappa ut D2 og lesa seg opp på Lars Tore sine bragder og betraktingar.

Lars Tore er i skrivande stund villt oppteken med å svara på henvendelsar frå andre helgemagasin som gjerne vil ha ein bit av den driftige becapsa festivalarrangøren.

Vil du og ha ein bit av Lars Tore? Kjøp festivalpass til Fres Festival 2013 i dag!

Nyhende! Leiinga i media!!

, ,
Faksimile Sognavis.no iskø

Faksimile Sognavis.no iskø

Det var ikkje få som sette lønsjkaffien i halsen då Sognavis.no på tirsdag ettermiddag publiserte
dette biletet av ein av dei hemmelegheitsfulle medlemmane av Leiiga for den uavhengige festivalen Fres Festival i Fresvik.

Det er enno ikkje på der reine kven av dei myteommspunne leiingsmedlemanne det er som har blitt festa på minnekort, men ekspertar frå Medietilsynet  og Kripos jobbar no på spreng med å finna ut kven det kan vera. Det er venta at ekspertane vil komma med ei uttale i løpet av kvelden eller natta.

– Heilt uturleg at eg kom so nær innpå ein i Leiinga! seier ein tydeleg oppjaga fotograf frå Sogn Avis. Fotografen vil gjerne vera anonym for å verna om privatlivet sitt – å ha vore so nær Leiinga vil medføra ein kjendisstatus av bieberske proposjonar.

Vil du også oppleva Leiinga på nært hald? Kjøp billett til Fres Festival 2013!