Posts

Fredagstips – bacon popcorn

I og med at du sannsynlegvis har servert Skauspizza kvar fredag og høgtidsdag i mars månad, er du vel klar for noko nytt? På internett har vi funne ei smakfull oppskrift på bacon popcorn. Alt du treng er popcorn, bacon, honning og chilisaus.

Og det beste av alt er at det berre tek 15 minuttar å førebu denne retten, så du har plenty av tid til å fli deg ein billett. Bon appétit!

Skauspizza! No kan også du laga den!

Etter massivt press både frå media og frå folk flest bøyer leiinga for Fres Festival omsider av og offentleggjer oppskrifta på den legendariske Skauspizzaen.

Ei av dei strengast bevokta løyndomane i norsk mathistorie kjem no til  å verta avdekt. Hald deg fast!

Bilde av ein pizza Read more

Kjøp kjøtet ditt på Fres Festival

Det vil skje kjøttransaksjonar på Fresn

Det vil skje kjøttransaksjonar på Fres'n

Vi kan med glede meddele at Vikja kjem til å selje kjøt på årets Fres Festival. Kjøtet vil, etter det vi har fått vite, komme i form av pølser og burgarar. Chow Down!

Takk for Fres

Det skal lett innrømmast at blogginga og generell oppdatering av nettsidene svikta noko dagane før, under og etter festivalen. Dette skuldast i all hovudsak at Fresn gradvis flytta seg frå å vere ei side på cyberspace (www.fresn.com) til å bli ein ekte festival i kjøt og blod.

Vi har brukt dei siste dagane på opprydding, og fresnleiinga skal no gå inn i seg sjølv, oppsummere og vurdere og sjå fram mot ein eventuell ny festival neste år. Delar av nettsidene kjem sannsynlegvis til å verte lagde på is ei stund framover, men vi vonar folk vil komme med innspel på foruma og andre nettstadar (som til dømes myspace, facebook, underskog, youtube og whatnot).

Vi vonar også at folk som har gode bilde dei har lyst til å dele kan sende oss dei (til dømes til gunnar.webmaster@fresn.com), så vi får lagt ut eitt eller fleire galleri frå årets festival på sidene.

God Fres = Trygg Fres