Innlegg

Er du over 18 og ynskjer gratis festivalpass?

,
Å vere friviljug, her representert av Bjørn Iversen, er ei variert og artig oppgave, gjer som Bjørn, bli med på laget!

Å vere friviljug, her representert av Bjørn Iversen, er ei variert og artig oppgave, gjer som Bjørn, bli med på laget!

Fresn går i år, som i fjor, over tre dagar: torsdag 25. til laurdag 27 . Det betyr at vi har eit stort behov for frivillige som kan stille i løpet av festivalhelga, mot gratispass som gjeld alle dagane.

Vi har fått god respons frå bygda, og dei fleste av dei som har stilt opp tidlegare år kjem attende. Vi er no der at vi har fått nok frivillige til å dekkje storparten av behovet torsdag og fredag, men på laurdag manglar vi framleis folk.

Viss du er over 18 og kan vere edru ein kveld på festivalen (frå ca. kl. 19 til 02) har vi bruk for deg. Oppgåvene er å vere til stades, gå rundt på området og følgje med på kva som skjer og eventuelt plukke noko bos. Om du har lyst til å sitje og ta imot billettar ved inngangen, treng vi også folk til dette.

Fyll ut skjemaet, ring/SMS Gunnar på 971 82 327 (eller send ein mail til friviljug@fresn.no).

Les mer