Tag: Joachim S Lavatass
Feilinformasjon frå Sogn Avis!
av Håvard den 18/06/2007, i kategori Fres 2007, Leiinga informerer
Journalistisk skandale frå lokal kulturblekke.
SA-journalist lovar bot og betring. Det var ikkje so reint få i leiinga av den kredible og bortimot uavhengige festivalen Fres Festival som sette morgonjuicen i halsen idet dei bladde opp i kulturdelen av lokalavisa Sogn Avis, tysdagsutgåva, og kunne lesa at deira eigen festival skulle gå av stabelen siste helga i JUNI(!) Som den merksame lesar har fått med seg går Fres Festival 2007 av stabelen siste helga i JULI , ikkje juni slik det feilaktig vart hevda i Sogn Avis. Dagen var ikkje før vorten kjønnsmoden før telefonlinjene inn til Fres HQ i Fresvik var overbelasta av forvirra festivaldeltakarar. Nyhende greidde som einaste partipolitisk uavhengige nyheitsorgan å få ein kommentar frå ein tydeleg overarbeidd men fatta Lars Tore Skau frå festivalleiinga.
- Denne dagen starta ikkje helt som eg hadde trudd nei. I fem timar no har eg sløkt brannar i det ganske land. Folk utrykkjer forvirring og tendensar til panikk når dei ringer inn og lurer på når festivalen eigentleg er. Vi må berre freista å roa dei ned som best vi kan. Vi har og oppretta eit kriseteam med sjukepleiarar og psykologar som dei verst ramma festivaldeltakarane kan henvenda seg til. Heldigvis er informasjon det einaste som skal til for at normaltilstanden vert gjennoppretta hjå innringarane, seier ein perspirerande Skau.
Kva som ligg til grunn for at feilinformasjon av denne typen kjem på trykk er enno ikkje kome på det reine, men Nyhende lukkast fredag føremiddag å komma i kontakt med Sogn Avis-journalist Joachim S Laberg som står bak den aktuelle artikkelen.
- Slikt skal sjølvsagt ikkje forekomma, ikkje eigong i Sogn Avis. Til mitt forsvar vil eg sei at eg vitterleg er klar over at Fres Festival 2007 går av stabelen siste helga juli, men nokre gonger går det litt fort i svingane i kulturblekka Sogn Avis. I tillegg har det nok vore mest fokus på saka sitt innhald, seier ein angrande Laberg som lovar bot, betring samt eit dementi.
Nyhende kjem attende med fleir
Påskemysteriet løyst!
av Håvard den 18/04/2007, i kategori Leiinga informerer
Ung og lovande statistikar knekte koden!
Det var natt til fredag at arkitekten bak årets påskekrim Joachim Svanhildarson Laberg kunne melda at løysinga har kome for ein dag. Overraskinga var derimot endå større då det vart avslørt at det var FresSB sin eigen statistiske w?nderkind øyvind Pierre Vormeland Salte som var den som sende inn det korrekte svaret. Laberg melder følgjande i ein hemmeleg stempla fax:
-Øyvind Salte klarte Jons Mysterier, og får no heder og ære etc.
Kreative statitistiske metodar gav svaret
Etter å ha leitt med lys og lykter over heile internett kom Nyhende natt til idag endeleg over den ellers so mediesky vinnaren øyvind Pierre Vormis Salte på eit chatterom for statistiske erotomanar og fekk ein kommentar til metoden han nytta for å knekka den tilsynelatande uknekkelege påskenøtta.
-For det første var det en kollektiv kreativ prosess. Human Resources-avdelingen i FresSB tok for seg den horisontale så vel som vertikale integreringen av de ulike foretaken e tilknyttet Fres Festival og KaFresn, samt behandlingen og ledelsen av interne forsyningskjeder,
Supply Chain Management. Et integral over kunnskapssystemer for ledelse, Knowledge Management Systems, ble satt opp for å påvise hvem som hadde tilgang og motiv. Til slutt brukte vi minste kvadraters metode for å vise hvor kvadratavviket var størst, og så var det elementert kjære Watson, etter det.
Deloitte involvert
Det har i tillegg kome Nyhende for øyret at kvalitetssikring og internrevisjon forøvrig vart outsourca til Deloitte, men det har i skriblande stund ikkje lukkast Nyhende å få ein kommentar frå Deloitte sin pressetalsmann Gunnar Husabø, då ha var travelt oppteken med å banka innpå fem flasker Olden med smak av påske.
Nyhende kjem attende med meieriprodukt
Fresvik Says med frekt cover!
av Håvard den 09/03/2007, i kategori Fres 2007, Ymist
Vreid powered by Grooveart!
Det var etter det ein avslørande artikkel i det partipolitisk uavhengige nyheitsorganet Nyhende la for dagen at det kom for, jepp, dagen at Fres Festival sitt eige designburo Fresvik Says, representert ved kreativ motor Per Christian Grooveart Grov, hadde designa platecover for eit norsk metallband at rykta om kva band dette kunne væra nådde sitt absolutte klimaks 21. februar i år.
Litt uventa kom det difor at det var kulturblekka Sogn Avis som kom med den journalistisk gravande artikkelen som avlørte kva band det var tale om. Det var tale om det hardtmarsjerande black n’roll bandet Vreid. Det har i skrivande stund ikkje lukkast Nyhende å komma i kontakt med nokon av medlammane i ovanfornemnde metallkonstellasjon. Derimot kom Nyhende via mirc i kontakt med sjølvaste Fresvik Says sjefen Grooveart Grov for ein kjapp kommentar.
-LOL! Jau, det var kjempekjekt å få designa cover for eit band som Vreid. Etter det eg har høyr trur eg karane i Vreid og tykkjer det er framifrå å få sin bit av that Fresvik feeling innan design. Raudt kjøt og designkvalitet går hand i hand seiet no eg, vart det meldt frå Grov hvis kjenlser var vanskeleg å tolka då meldinga kom over ein irc kanal.
Jons Mysterier endeleg attende!
av Håvard den 02/03/2007, i kategori Ymist
Hysteriske tilstandar på sleppfest for Überfrekk krimteikneserie! Eitt år sidan forrige Jon. (les meir…)


